Hopp til innhold

Framtidshuset på plass i butikken

Gründerselskapet «Future Home» nådde eit nytt mål i helga. Då opplevde dei fire unge mennene som starta selskapet, at produktet deira var til sals i ein vanleg butikk for første gong.

Future Home: på plass i butikk

Nok ein milepæl er nådd for gründergjengen frå Forus. Frå venstre Odd Einar Evensen, Sigbjørn Groven, Erik Stokkeland, og nytilsett seljar Petter Støldal.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Me måtte jo visa butikkleiinga at me har laga noko skikkeleg. Nå har me forenkla rutinane for opning og stenging av butikken, seier Erik Stokkeland.

Midt i den travlaste handletida trykker han på ein knapp på mobilen sin. Dermed går lyset av, dørene i lås og persiennene framføre glasdører og vindauga byrjar å gå ned.

– Eitt trykk er nok for det dei tilsette tidlegare har hatt ei heil sjekkliste for å få gjort skikkeleg, seier Erik Stokkeland, og er rask med å avbryte nedstenginga av butikken før kundane blir heilt forvirra.

Idéen som blei noko av

NRK Rogaland har i ei rekke artiklar følgd fire unge gründerar på Forus, på deira veg frå idé til ferdig produkt. På tre år har dei utvikla og finansiert eit styringssystem på mobilen til folk som kan styra lys, varme og elektroniske apparat i heimen.

Salsarbeid på Jerniabutikken i Hundvågsenteret i Stavanger

Seljar Petter Støldal viser kva Future Home kan tilby ein mogeleg kunde i Jerniabutikken i Hundvågsenteret.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

På laurdag fekk dei hylleplass i Jernia sine lokale på Hundvågsenteret i Stavanger. Dette er den første butikken dei når ut til, etter at dei tidlegare berre har satsa på nettsal.

– Me har selt for om lag 20 000 kroner hittil i dag. Det er me stolte av, fortel Sigbjørn Groven. Han vedgår rett nok at dei har drive kraftig førehandsreklame på førehand.

– Jernia har skrive om det i kundeavisa og me har brukt dei kanalane me har gjennom sosiale media, fortel han.

Kva nå?

Dei er fire unge menn i 20-åra, som har forskjellige spisskompetansar og som kjente kvarandre godt frå før. For tre år sidan tok dei sjansen og gjekk inn for dette med sparepengar og døgninnsats.

200 000 dollar er i boks for grunderbedrifta Future Home på Forus

Hausten 2014 lukkast gründerbedrifta på Forus med å samla inn 200 000 dollar til oppstartsfinansiering, gjennom kronerulling på nett.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det neste steget nå blir å finansiera større innkjøp av produktet frå fabrikken, slik at me kan tilby Future Home til fleire kundar. Då må me kanskje finne oss ein eller fleire partnarar, seier Erik Stokkeland.

Han er klar over at dei då kan risikera å måtte skilje seg av med delar av kontrollen.

– Nå er me på veg ut frå hoppkanten, og bør nok inngå samarbeid med ein husutbyggjar, eit større installasjonsselskap eller ein tenesteleverandør av internett eller telefon, seier Stokkeland om framtida.