Hopp til innhold

Full forvirring om løysing på trafikkorken

Ingen veit når eller korleis det skal bli betre flyt i biltrafikken til og frå Forus. Politikarane vil ha færre bilar på vegane, men klarer ikkje å bli einige om verkemiddel.

E39 Stavanger

FULL FORVIRRING: Politikarane blir ikkje einige om korleis dei skal løyse trafikkproblema på Forus.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

Det har lenge vore brei politisk einigheit om at biltrafikken må ned, men korleis ein skal få det til, er det framleis knytta full forvirring rundt. Parkeringsrestriksjonar har vore eitt av forslaga.

– Parkeringsrestriksjonar er heilt nødvendige om me skal få ned privatbilbruken, det seier leiar for Samferdselsutvalet i Rogaland fylkeskommune, Ellen Solheim (KrF).

Ellen Solheim

FOR PARKERINGSRESTRIKSJONAR: Ellen Solheim (KrF) vil ha parkeringsrestriksjonar.

Foto: Kristoffer Møllevik / NRK

Innføring av strengare parkeringsrestriksjonar på Forus er det verkemiddelet som har fått breiast oppslutnad tidlegare, men no er fleire kritiske til dette verkemiddelet.

Skeptiske

– Det å innføre rushtidsavgift eller køavgift, det verkar med ein gong, difor trur eg folk vil ha større aksept for det, enn parkeringsrestriksjonar som blir innført før ein har gode alternativ, seier gruppeleiar i Høgre, John Peter Hernes.

At Høgre er skeptiske til parkeringsrestriksjonar, er leiar for Næringforeninga i Stavanger-regionen, Harald Minge, glad for. Han opplev no eit stemningsskifte blant politikarane med tanke på parkeringsrestriksjonar.

Harald Minge

SKEPTISK: Harald Minge ynskjer ikkje parkeringsrestriksjonar, før ein har gode alternativ.

Foto: Næringsforeningen i Stavanger-regionen

– Eg synst det Høyre gjer no er fornuftig. No går ein inn og ser på rushtidsavgift som eit tiltak, og det er jo noko me i næringsforeininga har vore for i mange år, seier Minge.

Må ta modige grep

Over nabogrensene har både Sandnes-ordførar Stanley Wirak og kollega Ole Ueland i Sola uttrykt skepsis til innføring av tøffare parkeringskrav på Forus.

Eit samla næringsliv på Forus, med Statoil i spissen, har gått kraftig ut mot planane. Men Ellen Solheim meiner regionen ikkje har noko val.

– Det er nok dessverre sånn at det ikkje er det enklaste for ein politikar å sei ja til reduserte parkeringsmoglegheiter, men sånn som trafikken har auka så er me nøydde til å ta nokre modige grep, seier Solheim.

Stavanger-regionen står i fare for å miste 60 millionar kroner i belønningsmidler om ikkje biltrafikken blir redusert og fleire reiser kollektivt. Samtidig har ein forplikta seg på å redusere klimautsleppa.

Bussvegen står ikkje ferdig før i 2021. Solheim er likevel ikkje redd for at nye seks år går utan at det blir sett i verk tiltak for å stanse veksten i biltrafikken.

– Eg trur at det er viktig å førebu seg på no, at det ikkje vil vera slik at alle kan køyre sin eigen bil til jobb i framtida, seier Solheim.

På E 39 ved Auglendshøgden i Stavanger, er eit av mange målepunkt for Statens vegvesens trafikktellinger. Tala der viser at bilpasseringer auka med godt over 8000 de tre første månadene i år. Ti av elleve målepunkt på Nord-Jæren viser også auke i same periode.

Harald Minge trur likevel ikkje tida er moden for parkeringsrestriksjonar.

– Me har bygd opp ein bilregion i løpet av dei 30 siste åra, bevisst, og det har næringslivet vendt seg til. Difor har ein fått den bilbruken politikarane har lagt opp til. Då kan ein ikkje bli ein kollektivregion i løpet av nokre få år. Så her treng me gode overgangsordningar, fram til det ligg føre gode alternativ, avsluttar Minge.