Hopp til innhold

Opnar for fleire unge politikarar

Dersom stemmerettsalderen blir senka til 16 år betyr det fleire unge politikarar. Det trengst, meiner ungdom i Stavanger og i Hå, som er med på eit forsøksprosjekt denne hausten.

 Jørgen Drageset Dydland, elev på Stavanger Katedralskole

Jørgen Drageset Dydland er elev på Stavanger Katedralskole og meiner det er mange nok vaksne politikarar.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Personleg kjem eg sikkert til å stemme på dei yngste politikarane, for eg kjenner også nokre som skal stille til val. Eg trur absolutt at det kjem til å bli mange personstemmer på dei yngste kandidatane, seier Jørgen Drageset Dydland.

Han er 17 år, går første året på Stavanger Katedralskole og er ungdomsrådsmedlem i Stavanger. Han er ein av om lag 3000 16 og 17-åringar i Stavanger som får sjansen til å stemme ved lokalvalet til hausten.

Førebuingsmøte før lokalvalet til hausten mellom Stavanger og Hå

Varaordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe, ønsker velkommen til møte mellom ungdområdsmedlemmar i Stavanger og Hå.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Også Hå kommune på Jæren er blant dei 20 kommunar i landet, som deltar i eit forsøk med lågare stemmerettsalder.

Gjekk bra sist

Stavanger var også med på eit tilsvarande forsøk for fire år sidan. Det spesielle den gongen var at lokalvalet kom berre halvanna månad etter Utøya-massakren den 22. juli 2011. Det kan ha ført til at ekstra mange ungdommar stilte opp i stemmelokalet, men resultatet blei i alle fall bra.

Selom Mesfin er ungdomsrådsmedlem i Hå kommune

– Nå kan også ungdom vera med å påverka det samfunnet dei bur i. Det seier 16 år gamle Selom Mesfin frå Nærbø i Hå kommune.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Det var 61.5 prosent av 16 og 17-åringane som røysta på eit parti. For alle aldersgrupper i Stavanger, var det 62.4 prosent som valde parti. For 18 og 19-åringane, som tradisjonelt er dei yngste med stemmerett, var det berre 46 prosent som stemte. (landstal)

Samla alle tiandeklassingane

Den viktigaste grunnen til det relativt gode oppmøtet blant dei yngste for fire år sidan, var truleg at alle 16-åringane i Stavanger blei samla i to store valsamlingar, ein månads tid før valet.

– Det er alltid ein del ungdommar som ikkje er særleg interesserte i utgangspunktet. Dei er det viktige å nå fram til og dei fekk ei oppleving gjennom å vera med på dette arrangementet, seier Reidun Vevle, som var prosjektleiar for forsøket for fire år sidan i Stavanger.

Lagar film

Dei ungdommane som synest det er vanskeleg å bestemma seg for parti, skal få ekstra hjelp på sosiale media denne gongen. Det fortel Mari Kalvig, som er leiar av ungdomsrådet i Stavanger.

Mari Kalvig er leiar for ungdomsrådet i Stavanger

Mari Kalvig er leiar for ungdomsrådet i Stavanger. Ho satsar på at ein informasjonsfilm skal hjelpe dei yngste veljarane.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Me skal laga ein film der alle partileiarane i Stavanger seier kva som er deira hovudsaker. Den skal vera veldig kort, men skal vera slik at ungdom kan gjera seg opp ei meining om kva parti som passar best for dei.