Hopp til innhold

– Det vil vera gode jobbutsikter trass nedlegging av Pratt & Whitney

Helikoptermiljøet er redninga, meiner leiar på flyfaglinja ved Sola Vidaregåande skule, Kjell Eivind Forsmo.

Flymekanikarar på Sola

Ved flylinja på Sola Vgs. er det ingen panikk, sjølv om nabobedrifta Pratt & Whitney, som driv med vedlikehald og reparasjon av flymotorar, truleg seier opp om lag 200 tilsette.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Kjell Eivind Forsmo

Kjell Eivind Forsmo er leiar ved flyfaglinja ved Sola Vgs. han meiner at elevane på linja hans har gode jobbutsikter trass nedlegging i bransjen.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Elevar er i full gang med å fiksa på flymotorar på Sola Vidaregåande skule. Ein av fire skular i landet som tilbyr opplæring i flyfag.

Ungdommane er med godt mot, sjølv om det nyleg blei kjent at den store flyvmotorverkstaden Pratt & Whitney truleg forsvinn frå Stavanger lufthamn, Sola.

Ei nedlegging som kan føra til at 195 tilsette mistar jobbane sine, og at det er færre arbeidsplassar for elevane å velja mellom.

Stort helikoptermiljø

Leiar ved flyfaglinja, Kjell Eivind Forsmo, meiner likevel at etterspurnaden er stor nok.

–Det er beklageleg at Pratt & Whitney kanskje legg ned. Men for oss er ikkje dette dramatisk, seier Forsmo til NRK.no.

Han peiker på helikoptermiljøet, som ei av årsakene til dette.

– Me har eit stort helikoptermiljø på Sola, eit miljø som også har ekspandert den siste tida. Så me skal vera godt sikra med lærlingplassar i CHC helikopterservice, i tillegg til at Norwegian også tar inn lærlingar her på Sola, seier han.

Om det skulle bli for hard kamp om arbeidsplassar etter enda utdanning, vil heller ikkje elevane vera rådville av den grunn. Dei veit at utdanninga dei tar har overføringsverdi til andre yrke.

Sjå video:

Video Flyfagelevar med tru på framtida

Johan Ytterland Silset har ambisjonar om å bli flysystemmekanikar.

Heile Europa som arbeidsplass

– Då må eg prøva å få ein jobb som mekanikar i oljeindustrien, eller byrja som bilmekanikar, seier Erik Byrkjedal Campell, som er elev ved flyfaglinja.

På linja blir det tatt opp elevar frå heile landet, og skulen følgjer internasjonale normer. Dette gjer at heile Europa kan bli arbeidsplass for dei som ønskjer å flytta på seg.

Nok ein grunn til at Forsmo ikkje ser på ei mogleg nedlegging av Pratt & Whitney med stor skrekk.

– Solamiljøet er ikkje avgjerande for yrkesvalet, med papira dei får når dei kjem ut her kan brukas til å søkja jobb i utlandet, seier Forsmo.