Hopp til innhold

Flest stormar i januar

Eit heftig uver vil råke Rogaland i dag og i morgon. Januar er statistisk den månaden det blåser mest i fylket, og tal frå Sola tyder på at stormane kjem oftare no enn før.

Storm i Rogaland
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Når det kjem opp i orkan, då er det gale, då er det eit helvetes liv. Det finst ikkje noko verre, seier Per Øhman.

Han er pensjonert los og har opplevd nokre stormar. No er han ute for å tjore fast fiskebåten sin i Tananger før uveret slår til frå vest.

– Ja, me må gjera oss klare. Ekstra fortøyingar, og stramme opp litt. Om det blir ekstra gale, så må eg vel flytte vekk herifrå, seier Øhman.

Per Øhman

Per Øhman gjer seg klar til orkanen som er venta i dag og i morgon.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Orkan i kasta i januar

Stormar i januar er ikkje uvanleg. Tal frå Sola og Utsira viser at det er målt vindkast med orkan styrke dobbelt så ofte i januar som nokon andre månadar i året.

– I januar har me store temperaturskilnadar mellom sør og nord. Og då seier me at me har ein sterk temperaturgradient, og jo sterkare denne temperaturgradienten er jo sterkare kan lågtrykka bli. Difor er januar den månaden som generelt har sterkast lågtrykk, seier statsmeteorolog Martin Granerød.

Oftare orkan på Sola

Vindtala kan også tyde på at det blåser heftigare no enn før.

På 80- og 90-talet vart det på Sola målt vindkast med orkan styrke, seks døgn. Men sidan 2000 har det blitt målt heile 29 døgn med så kraftig vind.

Men statsmeteorolog Martin Granerød er likevel forsiktig med å slå fast at det blåser meir enn før.

– Akkurat når det gjelder vind så er det vanskeleg å samanlikne observasjonar. Og det er fordi vindobservasjoner blir gjort på ein anna måte i dag enn det blei gjort tidlegare, seier Granerød.

Kraftig vind i vente

Men om det er vanskeleg å slå fast om det blåser meir enn før er det i alle fall sikkert at det blir forrykande det neste døgnet. Og difor tjorer fiskar Per Skipstad godt fast båten i Tananger.

Per Skipstad

Fiskar Per Skifstad tjorer fast båten i Tananger.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Det blir rett og slett grassat. Mykje høgt vatn og store høge bølger. Bind og tjor fast alt du kan, seier fiskaren.

Han har opplevd korleis vinden kan ta tak ute på sjøen, og det er ikkje berre gale.

– Du kjenner at du lever. Det er jo fantastisk å vera fiskar og vera ute i naturen. Det er ikkje eit bilete som er likt, alt forandrar seg heile tida, seier Skipstad.

Men om du hadde reist ut på sjøen denne helga, kva hadde skjedd då?

– Då trur eg ikkje eg hadde vore meir. Det blir heftigt i helga, seier han.