Hopp til innhold

Fleire var utan mobildekning i Sirdal

Eit brot på ein fiberkabel slo ut 11 av 18 mobilbasestasjonar i skikommunen Sirdal. Dermed var fleire mobilkundar, inkludert Røde Kors, utan dekning.

Tjørhomfjellet

Webcam-bilete frå Tjørhomfjellet i Sirdal laurdag føremiddag.

Foto: Webcam

– Me fekk melding om brotet tidleg i dag, sa informasjonssjef i Telenor Glenn Nandelid til NRK.no.

Det var Sirdal kommune i Vest-Agder som blei hardast råka. Fleire var utan mobildekning, fasttelefon og internettilkopling.

300 kundar blei råka

Seint om ettermiddagen kom meldinga om at problemet var blitt fiksa.

– Me har sendt ut ein lokal entreprenør som skal lokalisera fiberbrotet, deretter kan utbetringa starta, sa Nadelid om arbeidet.

11 av 18 mobilbasestasjonar var slått ut. Litt meir enn 200 fasttelefonkundar hadde ikkje tilkopling, og at litt meir enn 100 breibandkundar kom seg ikkje på internett.

Varsla AMK

Sirdal er ein populær skikommune og Røde Kors er representert med hytte i Sinnes. Men på grunn av problema kom dei ikkje gjennom med telefon til denne hytta. Ikkje langt unna, i Hunnedalen, har Røde Kors ei anna hytte og her fungerte telefonen.

– Sjølv kommuniserer me med radio og fastlinje, derfor kan me formidla beskjedar vidare til Sinnes, sa Knut Vormestrand i Stavanger Røde Kors, då problema sto på.

Beredskapstelefonen til Rovernes beredskapsgruppe i Rogaland var ikkje råka av fiberbrotet. Dei har basen sin i Ådneram.

– Me har varsla AMK om at dei kan nå oss på beredskapstelefon og satellittelefon, sa Øyvind Grassdal vaktleiar i Rovernes beredskapsgruppe i Rogaland.

Trass brotet, var ikkje Sinnes-hytta heilt isolert frå omverda.

– Breibanddekninga og satellitt-telefonen vår verkar heldigvis slik at me er tilgjengelege for omverda om noko skulle skje, sa speidarleiar Ivar Nøttestad på Ådneram beredskapstelefon.

Han legg til at det er gode forhold og mange som har teke turen opp for å gå på ski i dag.