Hopp til innhold

Fleire tekne i kontroll av tungtransport

Vegvesenet har i natt hatt kontroll av tunge køyretøy på E39 på Sokn. Berre 19 av 31 hadde alt på stell.

Overlast

Dette køyretøyet blei voge og funne for tungt. Dermed måtte sjåføren lessa av før han kunne køyra vidare.

Foto: Vegvesenet

Mellom klokka 16 tysdag ettermiddag og klokka 03 natt til onsdag har Statens vegvesen kontrollert heile 31 tunge køyretøy på E39 på Sokn kontrollstasjon. Dei hadde fokus på dokumentkontroll, teknisk tilstandskontroll, køyre- og kviletidskontroll, lastsikring, bremsekontroll, og vektkontroll.

Kontrollen resulterte i åtte åtvaringar, fire bruksforbod og to gebyr.

Feil på bremsene og utgått førarkort

Tre køyretøy fekk mangellapp på grunn av mindre feil på bremsene og av tolv køyretøy som blei vogne var det eitt som hadde overlast. Sjåføren måtte ta av last før han fekk køyra vidare.

Ein av førarane blei overraska då førarkortet hadde gått ut for eit halvt år sidan. Forholdet blei meldt til politiet, og vegvesenet oppmodar sjåførar om å sjekka kor lenge føraretten deira er gyldig.

– Me vil oppfordra alle sjåførar til å jamnleg sjekka gyldigheitstida på førarkortet sittspesielt sidan det kan vera ulik gyldigheitstid på dei ulike klassene, seier Arnstein Stangeland.