Hopp til innhold

Gler seg til å få oppsagde kollegaer tilbake

700 Aibel-tilsette har den siste tida mista jobbane sine. Nå stiller dei først i køen når oljeserviceselskapet har sikra seg gigantkontrakt frå Statoil.

Bjarne Andvedsen har jobbet som sveiser på Aibel i over ti år

Bjarne Andvedsen har jobba som sveisar på Aibel i over ti år. Etter nedbemanningane den siste tida, var nyheita kjærkommen.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Nå er det hælane i taket. Vi gleder oss skikkeleg. Dette trengde me no, seier sveisar ved Aibel, Bjarne Andvedsen.

Bjarne Andvedsen

Bjarne Andvedsen jobbar ved Aibel i Haugesund.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

Arbeidet med å bygga ut og drifta Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen vil sysselsetja fleire tusen arbeidarar i åra framover, og i dag blei det klart at nok ei kontrakt går til eit norsk oljeserviceselskap.

Aibel, som den siste tida har gjennomført fleire kutt på grunn av tronge tider i oljeindustrien, har fått jobben med å bygga dekket til boreplattforma på oljefeltet. Ei kontrakt på meir enn åtte milliardar kroner og 6.000 årsverk. På det meste vil 3.000 arbeidarar jobba prosjektet.

Kan få jobbane tilbake

– Det er ein del flinke folk som har blitt sagt opp, og nå trur eg ein del av dei vil komme inn igjen, seier Andvedsen.

Bjørg Sandal, infosjef i Aibel

Bjørg Sandal er informasjonsdirektør i Aibel, ho er svært nøgd med kontrakten.

Aibel bekrefter:

– Dei om lag 700 som har blitt sagt opp den siste tida har fortrinnsrett på jobbane i tolv månader, dersom dei er interesserte og kvalifiserte, seier Bjørg Sandal, kommunikasjonsdirektør i Aibel.

Trond Skree og Bjarne Andvedsen ved Aibel i Haugesund

Trond Skree og Bjarne Andvedsen ved Aibel i Haugesund.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

– Etter alt vi har vært gjennom var dette fantastisk, og gir oss optimisme. I morgen skal vi feire med kake, seier tillitsvalgt Trond Skree.

I Noreg er det i hovudsak Haugesund, Grimstad og Asker det vil bli auka aktivitet for Aibel, store delar av jobben vil også skje i Thailand.

Slik fordelar Aibel-jobben seg:

  • Asker – prosjektering
  • Thailand – modul på 10.000 tonn
  • Haugesund – modul på 8.200 tonn
  • Grimstad – modul på 2.800 tonn
  • Haugesund – samanstilling av dei tre modulane

Slik vil jobbane fordela seg

Sandal seier at det likevel vil vera ringverknader i heile organisasjonen.

– Nå er det fryd og gammen både på Forus, og dei andre plassane me har kontor. Dette vil bety etterlengta sysselsetjing for oss i tida framover, seier kommunikasjonsdirektør i Aibel, Bjørg Sandal.