Hopp til innhold

Fleire hundre skinn stolne frå minkfarm

Omlag 450 minkskinn er stolne frå minkfarmen til Jostein Myklebust på Grudevarden i Klepp i natt.

Minktjuveri i Klepp.

VIDEO: Minkskinn for om lag 125.000 kroner er stolne frå minkfarmen til Jostein Myklebust i Klepp.

Myklebust merka ingenting til tjuvane før han skulle ut i minkfjøset i åttetida i dag tidleg.

– Då eg gjekk inn i tørkerommet i minkfjøset såg et at skinna var vekke. Eg reknar med at omlag 450 skinn er stolne, seier Myklebust.

Trur folk med peiling står bak

Minkbonde

Tjuvar har i natt stole omlag 450 skinn frå minkfarmen til Jostein Myklebust.

Foto: Odd Rune Kyllingstad

Har trur verdiane på minkskinna som er stolne ligg på omlag 125.000 kroner.

– Då eg gjekk ut igjen såg eg at det mangla eit vindauge. Det hadde tjuvane tatt fint ut og sett til sides. Det var ikkje knust eingong.

Myklebust trur det er folk som har peiling på minkskinn som står bak tjuveriet.

– Det hang skinn igjen fordi dei ikkje var skikkeleg tørka, så det er nok folk som har greia på dette som står bak. Skinn som ikkje er skikkeleg tørka blir fort sure og øydelagde, fortel minkbonden.

Politiet har starta etterforsking

– Kven er det som har interesse av å stela så mykje skinn?

– Det har eg ikkje peiling på, men det blir nok omsett i den store verda om tid og stunder.

Politiet i Klepp har vore på staden og har starta etterforsking av tjuveriet.

Jostein Myklebust driv med mink i stor skala, og skal pelsa godt over 3.000 mink dette året.