Hopp til innhold

Har terpa avslutningar før Molde-kampen

Med 0–8 i målforskjell dei to siste seriekampane har FK Haugesund tatt grep på treningsfeltet. Målet er at det skal gi resultat i heimekampen mot Molde søndag kveld.

Joakim Våge Nilsen

Joakim Våge Nilsen er optimist før møtet med Molde på Haugesund stadion søndag kveld.

Foto: fkh.no

Laster innhold, vennligst vent..

Sjølv har FKH berre laga eitt mål i dei tre første serierundane. Det kom i serieopninga borte mot Stabæk 6. april.

– Me har hatt litt avslutningsfokus i øktene inn mot Molde-kampen. Me skal prøva å bli betre, seier FKH-spelar Joakim Våge Nilsen.

Han med mange andre meiner Molde er landets beste fotballag.

– Men me har slått dei både heime og borte før, og me veit me har sjansen dersom me spelar ein god kamp. Me satsar på tre poeng.

Verste seriestart sidan 1998

Patrick Olsen

Danske Patrick Olsen blei fredag klar for FKH.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Forrige heimekamp på Haugesund stadion enda med eit stygt 0-6-tap for Rosenborg, og forrige fredag blei det 0-2-tap for Vålerenga på Ullevaal.

FKH har fått den verste seriestarten sidan nedrykket i 1998.

Før kampen mot Molde har FK Haugesund sikra seg ein sentral midtbanespelar, 21 år gamle Patrick Olsen frå Danmark. Fredag ettermiddag signerte han ein kontrakt med FKH som varer ut sesongen.

– Haugesund er ein veldig fin klubb. Eg er her for å få mykje speletid og mange kampar, seier Olsen.

– Stort potensial

Olsen var i tenåra rekna som eit av dei største fotballtalenta i Danmark. Dei siste åra har han hatt kontrakt med den italienske storklubben Inter Milan. I fjor var han lånt ut til Strømsgodset.

Sportssjef Asbjørn Helgeland er svært fornøgd med å ha signert Olsen som har spelt U-landslagskampar for Danmark.

– Han er ein spanande sentral midtbanespelar med eit stort potensial.