Hopp til innhold

Nesten ingen har fanget denne fisken før

Denne fisken veg ikkje meir enn 3,4 gram, men vekkjer stor oppsikt i fiskemiljøet. Ifølge Aschehoug si store fiskebok finst det berre eit kjent eksemplar av arten frå norske farvatn.

glasstunge

John Olav Florø-Larsen viser fram glastunga på 3,4 gram og ein lengde på 6,5 centimeter.

Foto: Rudolf Svensen

Det var Tananger-mannen John Olav Florø-Larsen som drog opp fisken med namn glastunge (sjå faktaboks) natt til torsdag. Ifølge Noregs største fiskemedium på nett, hooked.no., er dette den første glastunga som nokon gong er tatt på sportsfiskeutstyr i Noreg.

Ifølge Hooked er dette etter alt å dømma den sjeldnaste fisken i landet som nokon faktisk har klart å få på stong.

– Når du er innstilt på å fiske skrubbe, og ein slik fisk dukkar opp framfor deg, då er det faktisk slik at ein lurer på om det er ei høgare makt som har eit godt auga til det du driv med, seier John Olav Florø-Larsen til Hooked.

100 artar på eitt år

Han omtalar dette som sin livs fiskeoppleving. Og dette er ein mann som ikkje ligg på latsida når det gjeld fiske. I 2014 fiska Florø-Larsen 100 fiskesortar på eitt år, noko som er noregsrekord.

Og sommaren 2013 var han med på å dra i land ei gigantisk håkjerring i Nedstrandsfjorden på over eitt tonn.

glasstunge

– Det er ikkje ofte eg blir mållaus, men denne fiske tok pusten frå meg, seier John Olav Florø-Larsen etter å ha fiska denne svært sjeldne arten.

Foto: Rudolf Svensen

– Det er ikkje ofte eg blir mållaus, men denne fiske tok pusten frå meg. Tenk at ein mann godt inne i 40-åra kan gleda seg så mykje over ein slik liten fisk. Det hadde eg eigentleg ikkje trudd, men det er heilt sjukt, seier sportsfiskaren.

Lever i akvarium

Ifølge Aschehougs si store fiskebok «Pethon» finst det berre eit kjent eksemplar av glastunga frå norske farvatn. Denne fisken skal ha blitt fanga i Nevlunghavn heilt tilbake i 1875, og då naturleg nok ikkje med sportslege metodar.

Otte Bjelland hos Havforskingsinstituttet i Bergen understrekar overfor Hooked at det er store hol i kunnskapen om dei minste artane langs kysten vår, og han mistenkjer at arten ikkje er så sjeldan som førebelse fakta tilseier. Han karakteriserer likevel fangsten som unik.

Glastunga til Florø-Larsen lever inntil vidare i eit akvarium på Lundsvågen Naturskole på Hundvåg, men Bjelland hos Havforskingsinstituttet legg ikkje skjul på at han ønsker eksemplaret arkivert i vitskapens namn.