Hopp til innhold

– Eg har aldri sett noko liknande

Frilansfotografen skulle ut å ta bilete av uvêret, det han fekk sjå ute på moloen fekk det til å gå kaldt nedover ryggen på han. – Dette er ein hasardiøs leik med livet og det er rein dumskap, seier Frode Pedersen i Redningsselskapet.

Frilandsfotograf Kjell Bua filma to menn som leika seg på moloen på Ferkingstad i kraftig uvêr.

VIDEO: Kjell Bua filma to menn i livsfarleg leik på moloen på Ferkingstad i dag.

I dag reiste frilansfotograf Kjell Bua ut til sjøen ved Ferkingstad på Karmøy for å dokumentera uvêret som herjar på Haugalandet. Då han var i gang med å ta bilete kom ein firmabil med tre polske menn og parkerte ved sida av han.

– Først gjekk alle tre eit stykke ut mot moloen og tok bilete av seg sjølv, så sprang ein av dei lengre ut og leika seg medan dei to andre framleis heldt seg litt på avstand, fortel Bua til NRK.no.

Han er ikkje i tvil om at dei dreiv på med ein slags leik.

Prøvde å snakka til dei

Frilansfotografen, som har vore ute på Ferkingstad mange gonger før har aldri sett nokon ha så liten respekt for dei svære bølgene som slo over moloen.

– Eg prøvde å gi uttrykk for at dette ikkje var særleg lurt, men dei berre rista på hovudet og smilte, seier Bua som er usikker på om dei forstod han.

Plutseleg sprang to av dei polske mennene utover mot enden av moloen, medan den tredje filma dei. Då lét også Bua kameraet sitt gå.

– Eg har aldri opplevd at noko liknande, eg var sikker på at eg skulle bli vitne til ei drukningsulukke, og det gjekk kaldt gjennom heile kroppen. Dei burde hatt litt meir vit enn å springa ut på moloen i dette vêret, spesielt med tanke på det som nett skjedde her, seier han.

Drukningsulukke førre veke

Redningsaksjon utenfor Haugesund

Dette bilete er frå redningsaksjonen utanfor Bleivika sist veke.

Foto: Redningsskøyta Bergen Kreds

For det er ikkje meir enn ei veke sidan to menn frå Latvia reiste ut for å sjå på uvêret tre mil nord for Ferkingstad, på Bleivika ved Haugesund. Begge blei skylt på havet. Den eine kom seg i land, medan den andre framleis er sakna.

Redningsskøyta Bergen Kreds var med i søket etter latviaren, men søket var resultatlaust. Informasjonsleiar i Redningsselskapet, Frode Pedersen, har sett videoen som Kjell Bua filma, og han reagerer sterkt.

– På denne videoen kjem det godt fram kor uforutsigbar sjøen kan vera. Det er ein enorm kraft i bølga som slår til midt på moloen, og hadde dei vore ein meter lenger framme hadde dei blitt vippa av moloen, og hadde dei ikkje drukna kunne dei blitt drepne av å bli slått ned i dei kvasse steinane, seier han.

Rein dumskap

Frode Pedersen

Frode Pedersen er informasjonsleiar i Redningsselskapet.

Foto: Redningsselskapet

Han legg at Redningsselskapet årleg deltek på fleire søk etter personar, eller vêrturistar som ønsker å utfordra naturkreftene langs kysten.

– Desse mennene er ikkje ein gong kledde for å vera ute. Det er ein leik med livet som innsats og det er rein dumskap, slår han fast.

Han ber dei som likevel skal ut og sjå på vêret om å ta forholdsreglar. Dette handlar om å ha på seg gode klede, sei ifrå kor ein ska og kva som er formålet med turen, ha mobilen i vasstett pose, og viktigast av alt: Hald avstand!

– Du veit aldri kva tid hundreårsbølgja kjem.

Frilansfotografen er heilt klar på kva han meiner om episoden.

– Denne form for leik er ein leik med døden. At dette gjekk bra er eit under.

Ferkingstad og Bleivika