Hopp til innhold

Fem bustadinnbrot i Rogaland i natt

Politiet seier dei fem innbrota som er utførte i Rogaland i natt, liknar på kvarandre. Bustadane var tomme då gjerningspersonane slo til.

Inntrenger, illustrasjonsbilde

Bustadane har stått tomme når gjerningspersonane har slått til.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

– Alle innbrota ser ut til å ha same modus, det vil seia at dei har gått inn soveromsvindauget eller knust terrassevindauget. Og gjerningspersonane ser ut til å ha vore ute etter gull og sølv, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Egil Karlsen.

Politiet fekk seint i går kveld og i natt melding om til saman fem bustadinnbrot. To på Nærbø, eitt på Bryne, eitt på Forus og eitt i Stavanger. Politiet ser ikkje bort frå at det er ein samanheng.

Laster Twitter-innhold

– Særleg dei på Jæren ser ut til å ha ein klar samanheng. Dei andre er litt meir uvisst, sjølv om modusen også her er lik, seier Karlsen.

Det var ikkje folk i bustadane då innbrota skjedde. Og politiet veit ikkje kor mykje gjerningsmennene har fått med seg.

– På ein av adressene så veit me at det har blitt stole noko, men på dei andre adressene er det førebels uvisst, seier Karlsen.

Laster Twitter-innhold