Hopp til innhold

Zenia får ikkje leva i same land som sin funksjonshemma son

Kristoffer (2) har ein muskelsjukdom som gjer han avhengig av hjelp døgnet rundt. Nå risikerer han eit liv utan mor si i Norge.

Mor og son

Zenia Rodriguez har fått avslag på søknaden om familieinnvandring etter å ha vore i Norge sidan 2009. Nå risikerer ho eit liv utan sonen sin på 2,5 år.

Foto: Ole Andreas Bø

Det korte livet til Kristoffer på 2,5 år har vore prega av operasjonar og mange sjukehusopphald. Legane har gitt han usikre framtidsprognosar, og han vil ha behov for oppfølging av helsevesenet så lenge han lever.

Muskelsjukdommen gjer at den vesle guten frå Hommersåk i Sandnes ikkje kan røra på seg utan hjelp frå rullestolen sin. Næring får han gjennom ein slange i magen kvar tredje time.

– Me veit ikkje kor lenge me kjem til å ha han, i og med at han har denne degenererande muskelsjukdommen. Då synst eg det er ganske gale dersom mora ikkje skal få lov til å vera her for ham, seier far Terje Tollefsen.

(Artikkelen held fram under bilete).

Famillien Tollefsen

Heile familien Tollefsen i leilegheita sin på Hommersåk i Sandnes.

Foto: Ole Andreas Bø

Avslag på søknaden

Bakgrunnen for bekymringa er at mor og Terje sin sambuar, Zenia Rodriguez, har fått avslag på søknaden om familieinnvandring. Bakgrunnen er at far ikkje kan visa til inntektene styresmaktene krev i slike saker.

Det betyr at den funksjonshemma guten Kristoffer må veksa opp i Sandnes, langt borte frå mor si som må til heimlandet Cuba, dersom Utlendingsnemnda (UNE) sitt vedtak står ved lag.

Terje

Far Terje Tollefsen.

Foto: Ole Andreas Bø

– Eg trur alle mødrer som har barn forstår at det er vanskeleg å reisa frå ungane sine. Spesielt når eg veit han treng så mykje hjelp og skal opererast kvar sjette månad, seier mor Zenia.

7 av 10 får ja til familieinnvandring

Nesten 12.400 personar har søkt om familieinnvandring i Norge så langt i år. 70 prosent av desse får innvilga søknadane sine, viser tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

Det finst ingen særreglar for barn med funksjonshemmingar, og i utgangspunktet blir desse sakene behandla som andre.

Men det kan bli gjort unntak på bakgrunn av sterke menneskelege omsyn. Dessutan skal barnets beste vera eit grunnleggjande omsyn i saker som omhandlar barn.

Eit viktig omsyn i saker som den med familien i Sandnes, meiner Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO).

Liv Arum

Liv Arum, generalsekretær i FFO.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

– Dennes saka reiser fleire spørsmål. Eg lurer på kva menneskelege omsyn ein vurderer når mor med eit funksjonshemma barn blir sendt ut av landet, seier generalsekretær Liv Arum.

Arum meiner omsynet til barnet bør vegast tyngst i familieinnvandringssaker med funksjonshemma barn.

– Det beste for dette barnet vil vera å ha begge foreldra i Norge, seier Arum, som meiner regelverket er godt nok i dag så lenge alle omsyn blir vurdert godt nok.

UDI: – Kan vera sentralt moment

Omsynet til Kristoffer blir godt nok ivareteke ved at han blir i Norge med far sin, meiner UNE i sitt vedtak.

Generelt seier UDI at funksjonshemming blir vurdert i familieinnvandringssaker med dagens regelverk. I ein e-post til NRK skriv dei mellom anna dette:

«Funksjonshemming hos barn kan vere eit sentralt moment både når det er barnet som søker om familiegjenforening med forelder i Norge, og når det er ein av foreldra som søker familiegjenforening med den andre forelderen eller barn i Norge.»

På Hommersåk i Sandnes håpar i det lengste familien Tollfefsen at mor får bli i landet.

– Eg har vakse opp i dette landet, og har alltid forstått at det skal vera til barnas beste det me gjer. Det er sikkert ting eg kunne gjort annleis i min personlege økonomi, men å senda mor ut av landet er ikkje til det beste i denne saka, seier Terje Tollefsen.

Kristoffer

Kristoffer (2) risikerer ei framtid utan mor i Norge.

Foto: Ole Andreas Bø