Hopp til innhold

Fant handjern i skapet til mor

Ein 16 år gammal gut fann eit handjern i skapet i heimen. Han prøvde dei på, men då han skulle ha dei av igjen, møtte han eit problem.

Håndjern fra produsenten "Fifty Shades of Grey" selger godt.
Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

– Guten hadde nok vore inne i skapet til mora og funne handjerna, seier operasjonsleiar Victor Jensen ved politikammeret i Stavanger.

Då 16-åringen ikkje fekk låst opp handjerna igjen, så oppstod det litt panikk. Verken han eller mora fant nøkkelen. Løysinga var å ringe til politiet og be dei om hjelp.

– Me sende ut ein patrulje og det viste seg at politiet sin nøkkel passa, så nå er han fri igjen, fortel operasjonsleiar Jensen.

Usikkert kor skapet stod

Jensen kjenner ikkje til om skapet der guten fann handjerna stod i stova eller på soverommet. Heller ikkje vil han ut med adressa til huset i Stavanger.

Håndjern
Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Men det var jo skikkeleg flaks at politiet sin nøkkel passa. Truleg er det fleire forskjellige låsar i slike handjern, seier operasjonsleiaren, som kan melde om at både guten og mora hans var letta etter at dei fekk hjelp.