Hopp til innhold

Er dette tidenes beste søknad om proffkontrakt?

Erling Flotve Myklebust (19) har scora fire hat-trickar på dei fem siste kampane for FK Haugesund sitt rekruttlag. Nå håper han på proffkontrakt.

Erling Flotve Myklebust (19) har scora fire hat-trickar på dei fem siste kampane for FK Haugesund sitt rekruttlag. Nå håper han på proffkontrakt.

SJÅ VIDEO: Her er nokre av måla Erling Flotve Myklebust har scora for FKH2 den siste tida.

Erling Flotve Myklebust

Erling Flotve Myklebust (19) har eitt innhopp for FK Haugesund i eliteserien. Han har sitte på benken i 14 kampar.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Eg har kome i ein veldig fin flyt nå i haust og ting går bra. Etter eg fekk den første hat-trick fekk eg sjølvtillit til å gjera meir, seier Erling Flotve Myklebust som spelar på FK Haugesund sitt rekruttlag i 3. divisjon.

  • Sjå måla i videoen øvst i artikkelen

På veg mot draumen

Sjølvtilliten han snakkar om har nå ført til fire hat-trick på dei fem siste kampane. Langt frå kvardagskost, men uvisst om det er ein rekord. Uansett er det vanskeleg for den nitten år gamle angrepsspelaren frå Karmøy å tenka seg ein betre søknad for å nå den store draumen.

– Eg har jo eit ønske om å leva av fotballen, og derfor er målet å få proffkontrakt, seier Flotve Myklebust.

Jostein Grindhaug

FKH-trenar Jostein Grindhaug seier at ingen kan spasera seg til ei proffkontrakt, og at Flotve Myklebust derfor nærmar seg.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Så langt i sesongen har han fått eitt innhopp i eliteserien for FK Haugesund, då kom han innpå i siste minutt i kampen der FKH slo Start 3–1. Trenar Jostein Grindhaug får likevel med seg når 19-åringen briljerer på rekruttlaget i 3. divisjon.

Skal vera i dialog med klubben

– Han har vore høgaktuell heile vegen, og det seier seg sjølv at han er nærme når han er i den forma han er i nå. Ei proffkontrakt er noko du må gjera deg fortent til, og Erling er i ferd med å nærma seg.

Sjølv er Flotve Myklebust moderat.

– Eg har det veldig fint som eg har det, og kan ikkje klage. Men eg forstår ikkje kva eg kan gjera betre for å få kontrakt.

Etter det NRK kjenner til er FKH og Flotve Myklebust i dialog om ei proffkontrakt og truleg kjem det ei avklaring i løpet av kort tid.