– Eg kom heim så fort som det var mogleg etter eg fekk meldinga. Nå reiser eg til Bergen for å møta pårørande og gi dei den støtta eg kan, seier konsernsjef i Statoil, Eldar Sætre.
Han var på reise i USA då han fekk meldinga om helikopteret som hadde styrta, og dei 13 menneskeliva som gjekk tapt i ulukka.
– Det var sjokkerande, og mine første tankar gjekk til alle dei som er råka og vil bli råka. Det me opplevde i går var ei av dei mest alvorlege ulukkene i norsk oljeindustri si historie, slår han fast.
Takkar redningsmannskap
– 13 familiar er ramma på den verst tenkelege måten, og me har mista gode kollegaer og vennar. Statoil er i dag eit selskap i sorg. I djup sorg, seier Eldar Sætre.
- Les òg:
- Les òg:
Utanfor hovudkvarteret har folk lagt ned blomar, i tillegg er det mange som har ringt Statoil i løpet av dagen i går og natta. Den første som la ned blomar var Arnstein Løvbrekke frå Tjelta.
– Det var forferdeleg å høyra om ulukka, så slo det meg berre at eg ville visa omtanke til dei som hadde omkome, det var derfor eg kom med blomar. Eg har familie og vennar som jobbar i Nordsjøen, og ein tenker jo alltid på at det kan skje ulukker, seier Arnstein Løvbrekke til NRK.
Sætre nytta høvet til å takka alle dei som har bidrege på ein positiv måte i etterkant av ulukka.
– Eg vil gjerne takke redningsmannskapa og frivillige som har lagt ned ein enorm innsats. Takk også til alle som har teke kontakt for å visa sin varme og støtte i løpet av dei siste dagane, seier han.
Viktig å finna årsaka
Det viktigaste nå, meiner han, er å ta vare på dei pårørande.
– Me set også pris på at kronprinsparet og statsministeren vil vitja pårørandesenteret i dag. Det viser at ein heil nasjon står saman med desse familiane i deira sorg.
Likevel må arbeidet med å finna årsaka halde på for fullt.
– Å finna ut kvifor helikopteret styrta er svært viktig for dei pårørande, for dei som har arbeidsplassen sin på norsk sokkel og for alle selskap som er råka, sa Sætre før han reiste til Bergen.
Produksjonen stengt ned
Helikopteret var på veg frå Gullfaks B til Flesland då det styrta ved Turøy. Statoil har sendt ut psykologar og nordsjøprestar til Gullfaks B og produksjonen er stengt ned.
– Det er viktig at dei får høve til å ta innover seg denne triste ulukka og at dei får tid til å jobba med den sorga og dei kjenslene som dei har i den samanheng. Produksjonen er framleis stengt, og me gjer ei løpande vurdering av når me skal tilbake i normal gang der ute, seier pressetalsmann i Statoil Ola Anders Skauby.
Statoil sin produksjon andre stader på norsk sokkel går som normalt.