Hopp til innhold

Ei kvinne skadd i brann på Tasta

Det er førebels ikkje kjend kva som var årsaka til at det brann i ei blokk på Tasta i kveld. Ei kvinne vart frakta med luftambulanse til sjukehus.

Brann tasta

Store mannskap rykka ut til brannen på Tasta i kveld

Foto: Birk Florian Fischer Magnussen

Det var klokka 22:17 at brannvesenet fekk melding om ein brann i ei blokk på Tasta i Stavanger.

Brannvesenet rykka ut med store mannskap, i tillegg til store mannskap frå politiet.

– Då me kom til staden såg me at det brann godt i ei leilegheit i fjerde etasje, brannvesenet var då i ferd med å ta seg inn i leilegheita og fekk etterkvart kontroll på brannen, seier Arnfinn Hjelleset, innsatsleiar i politiet.

Klokka 22:40 melde brannvesenet at brannen var sløkt.

Ei kvinne vart send til sjukehus, men tilstanden er ikkje kjend. Det er heller ikkje kjend kvar i bygget ho var.

Brannen skal ha starta i ei leilegheit fjerde etasje, i det ni etasjars høge bygget.

Brann på Tasta

Ein person vart frakta frå staden i luftambulanse.

Foto: Birk Florian Fischer Magnussen

Litt før klokka halv tolv var brannvesenet inne i blokka for å sjekke at ingen var igjen i bygget. Men politiet trur ikkje at fleire er skadd.

Mellom 70 og 80 personar vart evakuerte, og samla på ein parkeringsplass like ved bygget som brann. Fleire av dei kan truleg flytte inn igjen i løpet av natta, då fleire av leilegheitene framleis er bebuelege.

Politiet veit førebels ikkje kva som er årsaka til brannen. Leilegheita der brannen starta vil no bli sperra av og krimteknikarar vil gjera undersøkingar.

Brann tasta
Foto: Lisa Karin Sollie Eriksen