Hopp til innhold

Ein av dei sikta hadde bil som passar med vitneobservasjonar

Ifølgje VG eigde ein av dei fire sikta i Tina-saka ein svart BMW då drapet skjedde i år 2000. Bilen er av same type som politiet har vore svært interesserte i under etterforskinga av saka.

Fantomtegning til Tina Jørgensen-saken

Dette er ei teikning som politiet gjekk ut med i 2013. Ho baserer seg på ein vitneobservasjon frå Sølyst i Stavanger, der ein mann snakka med ei kvinne utanfor ein svart BMW. Kvinna kan ha vore Tina Jørgensen.

Foto: Harald Nygård/Politiet / NTB scanpix

Politiet har under etterforskinga av drapet på Tina Jørgensen sjekka ut svært mange svarte BMW-ar, med bakgrunn i vitneobservasjonar frå kvelden 24. september då Tina forsvann frå Stavanger.

Nå melder VG at den siste av dei fire mennene som blei tekne og sikta i drapssaka i går eigde ein svart BMW på dette tidspunktet.

38-åringen var i avhøyr til klokka halv to i natt. Politijuristen tek nå stilling til fengslingsspørsmålet.

Politiet vil ikkje kommentera bilen.

– Me kan ikkje sei noko om dette på grunn av etterforskinga, seier Hilde Urdal Fløysvik, kommunikasjonsrådgjevar i Rogaland politidistrikt til avisa.

38-åringen sin forsvarer kommenterer heller ikkje avsløringa til VG.

Viktig spor

Politiet har tidlegare understreka at vitneobservasjonane av ein mann som snakkar med ei kvinne på Sølyst, er ein observasjon dei legg stor vekt på. Dei skal ha stått utanfor den svarte BMW-en, som skal ha hatt bagasjeromsluka open.

Teikninga øvst i artikkelen gjekk dei ut med då saka blei teken opp på ny i 2013.

Observasjonen

Dette er vitneobservasjonen politiet gjekk ut med saman med teikninga:

Etter å ha svingt av fra Bybruen og ned mot Grasholmen så vitnet bilen stod parkert utenfor de anleggsbrakkene, som den gang stod der i forbindelse med arbeidet på Bybrua.

Bilen, muligens en BMW i 3-serien, sto med bagasjerommet åpent. Bilen var antakeligvis en modell fra slutten av 1990-tallet. Fargen var mørk.

Ved bilen sto en mørkhåret mann i 20-årene og en lys kvinne i mørke klær.

Beskrivelsen av mannen er at han er et sted i 20-årene, cirka175 cm høy, velstelt og med mørkt hår.