Hopp til innhold

E39 opna att etter steinraset på fylkesgrensa

Fleire store steinar raste over E39 på fylkesgrensa mellom Rogaland og Vest-Agder. Vegen er no blitt opna.

Steinblokk E39

Politiet og vegvesenet brukte kort tid på å rydde vekk steinane som sperra vegen.

Foto: Lars Eie / NRK

Trafikken stod lenge på begge sider av fylkesgrensa. Klokka 19:30 måndag kveld fekk politiet og Vegvesenet melding om eit steinras, på E39 mellom Moi og Sira.

Klokka 20:48 vart vegen opna igjen.

Vakter frå Vegvesenet holdt vakt på staden i natt for å sjå om det kom meir stein frå ura ved vegen. Vegen kan bli stengt på kort varsel.

Tysdag skal også ein geolog sjå på rasstaden.

– Det er ikkje noko som tyder på at det kjem ned meir stein, og vêrmeldinga framover er god. Statens vegvesen vil likevel har ein geolog til å vurdere fjellet så fort som råd, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Tor Oscar Walskaar.

Laster Twitter-innhold

Jan Bjørn Isaachsen køyrde fordi staden rundt klokka 19.40.

– Det var kanskje 8–10 steinar som låg over ein strekning på 200 meter. Eit par trailerar byrja å køyra forbi, og då la eg meg bak. Når det først har gått steinras, så kan det koma meir, så det var greitt å koma seg vekk derifrå. Det gjekk heilt fint å køyra forbi, seier han.

Ras på E-39

Politiførstebetjent Geir Håkon Valland på rasstaden. Foto: Lars Eie/NRK.

Fylkesgrensa Rogaland Vest-Agder