Hopp til innhold

Politiet sin hovudteori: Drap og sjølvdrap

Ein mann og ei kvinne døydde etter ein valdsepisode i Haugesund i natt. Politiet trur det er snakk om eit partnardrap.

Drap i Haugesund

Krimteknikarar har vore på adressa i Haugesund sentrum etter ei alvorleg valdshending som skjedde i natt.

Foto: Kjell Bua

Politiet rykka i 3-tida i natt ut til eit hus med leilegheiter i Kirkegata i Haugesund sentrum, etter melding om ei dramatisk og alvorleg hending.

I ei leilegheit i huset fann dei ein mann i 50-åra og ei kvinne i 40-åra med alvorlege skader. Etter det NRK kjenner til var det snakk om stikkskadar frå ein kniv.

Erklært død på staden

– Den eine blei erklært død på staden, medan den andre blei frakta til sjukehus, og blei etter nokre timar erklært død der, sa politistasjonssjef Edgar Mannes på politiet sin pressekonferanse laurdag føremiddag.

Mannen og kvinna var eit ektepar med barn som hadde budd nokre år i Haugesund.

Dei var ikkje kjenningar av politiet.

Blodspor i trappa

Det var synlege blodspor i inngangspartiet til huset der valden skjedde i natt.

Foto: Anders Fehn / NRK

Teori: Drap partnaren og seg sjølv

To barn av ekteparet var i leilegheita då politiet kom til staden. Dei har status som vitne.

– Barna som er 15 og 19 år har forklart seg og blir nå tekne vare på av barnevernet og Haugesund kommune sitt kriseteam. Dette er sjølvsagt ein svært krevjande situasjon for dei, seier Mannes til NRK.

Laurdag ettermiddag stadfestar politiet at dei jobbar ut frå ein teori om at det dreier seg om eit drap og eit sjølvdrap.

– Me vil førebels ikkje kommentera spørsmål knytt til rollefordeling. Ytterlegare tekniske undersøkingar på gjennomførast for å få stadfesta dette, skriv politiet i ei pressemelding.

Sjå politiet si pressekonferanse:

Politiet opplyste på ein pressekonferanse laurdag at eit ektepar er funne drepne i sin eigen bustad i Haugesund sentrum.

VIDEO: Politistasjonssjef Edgar Mannes fortel om hendinga under pressekonferansen til politiet klokka 11.

Kripos er kopla inn

Politiet etterforskar saka som mistenkelege dødsfall. Dei har funne ein gjenstand på staden, som kan ha blitt brukt som stikkvåpen.

– Me har etterforska saka for fullt heilt sidan me fekk meldinga i natt. Nå har me nett fått stadfesta at me får hjelp frå Kripos, sa Mannes under pressekonferansen klokka 11.

Krimteknikarar frå Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt har gjort tekniske undersøkingar på staden. Det står likevel att eit omfattande krimteknisk arbeid.

Alvorleg valdsepisode i Haugesund

Politiet etterforskar saka som mistenkelege dødsfall.

Foto: Kjell Bua
Drap i Haugesund