Hopp til innhold

Ni års fengsel for Acta-gründer

Fred A. Ingebrigtsen er dømd til ni år i fengsel i Gulating lagmannsrett, og får inndratt 25 millionar kroner. Ingebrigtsen ankar dommen til Høgsterett.

Fred A. Ingebrigtsen

ANKAR: Fred A. Ingebrigtsen har alt bestemt seg for å anka saka til Høgsterett.

Foto: Erik Waage / NRK

Ingebrigtsen er dømd på alle punkt i tiltalen, i det som er den største innsidesaka i norsk historie. Det er Rogalands Avis som først skreiv om dommen. Også i Stavanger tingrett vart Ingebrigtsen dømd til 9 år i fengsel.

Dermed gjekk det slik aktor Birgitte Budal Løvlund ville. Ho la ned påstand om ni års fengsel for den innsidetiltalte Acta-gründeren.

Eit og eit halvt år av straffa vart gjort betinga.

Nilsen i fire og eit halvt

Kåre Nilsen er dømd til fire år og seks månader i fengsel, der 18 månader er gjort vilkårsbundne. Nilsen er den einaste av dei som har tilstått innsidehandel.

Dei andre tiltalte i saka er dømd til fengsel i mellom to og fem og eit halvt år.

I perioden 2004 fram til arrestasjonen i juni 2008 skal dei tiltalte ha handla Acta-aksjar til ein verdi av 3,2 milliardar kroner. Alle vart i Stavanger tingrett i 2012 dømd til ulike fengselsstraffer for innsidehandel og marknadsmanipulasjon. Alle anka, og maratonsaka i Gulating lagmannsrett varte i åtte månader, frå september til april.

Odd Rune Torstrup (t.v.) og Bjørn Stordrange

– OVERRASKA: Odd Rune Torstrup (t.v.) og advokat Bjørn Stordrange er overraska over dommen i lagmannsretten.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ankar til Høgsterett

– Eg er overraska, seier Bjørn Stordrange, Ingebrigtsen sin advokat. Han held fram:

– Det er fordi eg meiner både fleirtalet i lagmannsretten og tingretten tek feil i ein del juridiske spørsmål. I tillegg stussar me over korleis dei bedømmer bevisa. Der har mindretalet i lagmannsretten ein veldig prinsipiell og god kommentar om at i denne type store økokrimsaker, så druknar ofte det strafferettslege beviskravet i masse dokument og faktum.

– Kva er Ingebrigtsen sin reaksjon?

– Eg ønskjer ikkje å seia om han. Han er naturlegvis overraska, men han er ein sterk og tøff person.

– Ankar de saka til Høgsterett?

– Ingebrigtsen bestemde seg for å anka nokså snart etter at han vart kjent med domsresultatet.

I tråd med påtalemaktas påstand

– Dommen er i tråd med påtalemakta sin påstand. Me registrerer at lagmannsretten i alt det vesentlege vore samde med påtalemakta når det gjeld spørsmål om straffeansvar i dei forholda han har gjort seg skuldig i, seier aktor Birgitte Budal Løvlund.

– Er det ein siger?

– Me brukar ikkje det omgrepet, men me ser at lagmannsretten er samde med oss i dei sentrale spørsmåla i saka, seier ho.

Aktor Birgitte Budal Løvlund

NØGD: Aktor Birgitte Budal Løvlund.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK