Hopp til innhold

Dødsulukke på Ræge

Ein person er omkomen etter ei gardsulukke på Ræge i Sola kommune.

Dødsulukke på Ræge

Her skjedde dødsulukka i ettermiddag.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Politiet fekk i 15.30-tida fredag ettermiddag melding om ei gardsulukke ved Nordsjøvegen på Ræge i Sola kommune.

Klokka 16.30 kan politiet stadfesta at ein person er omkomen.

– Ein person er stadfesta omkomen. Me har framleis ikkje full oversikt over kva som har skjedd, men det er i samanheng med arbeid med ei fullfôrvogn personen mista livet sitt, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Brit Randulff.

Krimteknikarar og Arbeidstilsynet er på staden.