Hopp til innhold

Dobbelt så mange valdssaker

Godt samarbeid med politiet gjer at langt fleire valdssaker hamnar i konfliktrådet, ifølge leiaren av Konfliktrådet i Sør-Rogaland.

Konfliktrådet i Nord-Trøndelag

Saker som omhandlar vald i Konfliktrådet i Sør-Rogaland har auka frå 39 i 2014 til 84 i 2015, viser halvårstala til konfliktrådet.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Saker i konfliktrådet som omhandlar vald har auka frå 39 i første halvår i 2014 til 84 i same periode i 2015. Det viser halvårstala for Konfliktrådet i Sør-Rogaland.

Leiar av Konfliktrådet i Sør-Rogaland, Liv Jorunn B. Skippervik, meiner godt samarbeid med politiet er grunnen til den store auken i valdssaker.

– Politiet vel å innhenta samtykke og senda over fleire av sakene til oss. Slik kan sakene løysast mellom folk, ikkje for folk, seier Skippervik til NRK.

Vil møta gjerningspersonen

Liv Jorunn B. Skippervik

Leiar av Konfliktrådet i Sør-Rogaland, Liv Jorunn B. Skippervik.

Foto: Konfliktrådet

I valdssakene i konfliktrådet møter partane kvarandre i same rom med ein meklar.

– Slik får partane snakka gjennom kva som har skjedd, kva dei tenker om situasjonen nå og korleis dei skal forholda seg til kvarandre i framtida, forklarer Skippervik.

Ho fortel at mange offer ønsker å møta gjerningspersonen sin for å få svar på spørsmål etter ein valdsepisode.

– Å møta gjerningspersonen, og sjå kven det er, kan skapa ro og gjera at offeret kan klara seg godt vidare utan bekymringar og angst.

– Kan noko av årsaka til at det blir så mange valdssaker i konfliktrådet vera at partane har eit behov for å møta kvarandre?

– Ja, me trur det. Folk gir i alle fall tilbakemeldingar på at det var godt å møtast, slik at dei kunne gå vidare og legga ting bak seg.

Nedgang i nordfylket

Skippervik seier dei fleste valdssaker som blir behandla i konfliktrådet kjem over som straffesaker frå politiet.

– Dersom gjerningspersonen gjer ein avtale med offeret, og oppfyller den, så vil straffesaka vera sett på som løyst.

I Konfliktrådet i Haugaland og Sunnhordland er det flest valdssaker som er oversendt konfliktrådet dette året. Men her opplever rådet ein liten nedgang frå 38 saker på same tid i fjor til 34 til nå i år.