Hopp til innhold

Fanga dobbel skypumpe på video

To svære skypumper danna seg under ei kraftig haglbye på Eigerøy Rogaland i dag.
– Det kan koma fleire utover dagen, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

To svære skypumper danna seg under ei kraftig haglbyge på Eigerøy Rogaland i dag. – Det kan koma fleire utover dagen, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

VIDEO: Her kan du sjå skypumpene som herja på Eigerøy like før klokka ti måndag føremiddag.

Like før klokka ti måndag føremiddag filma NRK-reporter Øystein Ellingsen ei dobbel skypumpe på Eigerøy i Eigersund kommune.

– Me stod i ly for ei kraftig haglbye, då me oppdaga to svære skypumper som herja. Det var ei utruleg tøff oppleving, fortel Ellingsen som fekk filma dei tornado-liknande skyene.

I natt blei det registrert sterk storm, og i dag altså skypumper på den vêrutsette øya.

Geir Ottar Fagerlid

Geir Ottar Fagerlid seier at det kan gå lenge mellom kvar gong ei skypumpe blir observert i Norge.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Ikkje kvardagskost

Ved Meteorologisk institutt kan dei fortelja at denne type skypumper ikkje er kvardagskost, men likevel vanlegare enn me kanskje trur.

– Det kan gå lenge mellom kvar gong me høyrer om skypumper i Norge, men det er nok fleire skypumper som aldri blir observert. Dette sidan det er vanleg at dei kjem i kraftig bygevêr med dårleg sikt, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Vanlegvis kjem dei om sommaren og hausten. At denne doble skypumpa kom under ei haglbye på Eigerøy var ikkje tilfeldig seier Fagerlid.

– Skypumper er på mange måtar veslebroren til tornadoen, og dei oppstår i ustabil luft. Det er ei traktforma sky som strekk seg frå vassoverflata til ein skybase i himmelen, luft blir sogen opp med ein vakuumliknande effekt, seier han.

Kan koma fleire utover dagen

Det skal vera bygevêr og ustabil luft i Rogaland fram til i morgon tidleg. Det kan derfor godt henda at det kjem fleire skypumper utover dagen.

– Det er venta fleire byer inn mot Vestlandet, så det skal ein ikkje sjå vekk frå. Ein må likevel følgja godt med om ein skal få dei med seg, for det er ikkje mange minutta ei skypumpe varer, seier statsmeteorologen.