Hopp til innhold

Nattbuss-billetten går ned frå 80 til 33 kroner

Etter nyttår blir det store endringar i betalings- og sonesystemet til Kolumbus. Slik vil du merka det.

Ombord i bussen

Kolumbus har presentert nye takstsystem i ein pressekonferanse i dag.

Foto: Tora Lind Berg / NRK

– Me skal bli meir kundevennlege og få fleire til å ta buss ved å forenkla. Me slår saman mange av produkta og gjer god rabatt. For 70 prosent av dei som tar bussen i dag vert det billigare, og for de andre 30 prosentane vert det litt dyrare, seier Kolumbus-direktør Odd Aksland.

Han presenterte onsdag morgon fleire endringar som skal tre i kraft etter nyttår.

Her er dei største endringane:

  • Nattbuss-billetten går ned frå 80 til 33 kroner
  • I Haugesund-distriktet vil ein enkel bussbillett kosta 10 kroner
  • Eit månadskort i Haugesund-distriktet vil kosta 350 kroner
  • Buss mellom Stavanger og Sandnes skal ikkje kosta meir enn 33 kroner
  • Enkel bussbillett vil gå opp frå 31 til 33 kroner
  • Dei 136 sonane vert til fem

Ifølgje Kolumbus-direktør Odd Aksland er det oppgang på vanlege enkeltbillettar, som skal finansiera prisreduksjonane i nordfylket og fjerninga av nattaksten. I tillegg til dette vil du måtte betale 20 kroner ekstra dersom du kjøper billett frå sjåføren.

– Det blir lettare å billetera, me slepp kontanthandsaming på bussen og bussen kjem fortare fram, seier Aksland.

Endringane blir vedtekne i fylkestinget 20. oktober i år.

Pressekonferanse, Kolumbus

Onsdag føremiddag heldt Kolumbus pressekonferanse om dei nye endringane.

Foto: Arild Eskeland / NRK