Hopp til innhold

Dette er valet i Tysvær

Her er sakene politikarane i Tysvær er ueinige om før valet måndag 14. september.

Valglogo

Bør Tysvær bli del av ein storkommune på Haugalandet?

Kommunesamanslåing vil bli eit aktuelt tema i neste periode. For Tysvær kan fleire alternativ bli aktuelle. Eit alternativ er ein storkommune på Haugalandet, som i dag utgjer 10 kommunar, eit anna alternativ er å slå seg saman med kommunane Bokn, Sveio og Vindafjord, eit tredje alternativ er å bli ståande åleine.

Bør det bli bygd ein felles ungdomsskule i Aksdal?

I dag er det tre ungdomsskular i Tysvær. For å spare pengar, blir det no sett på om kommunen kan klare seg med færre. Eitt av forslaga er å ha ein felles ungdomsskule i Aksdal. Eitt anna er å ha to, ein skule på Frakkagjerd og ein på Nedstrand.

Bør Tysvær ta imot fleire flyktningar?

I fjor blei Tysvær bedne om å ta imot 30 flyktningar, men totalt busette kommunen berre 16. Det store talet på flyktningar som kjem frå Syria gjer at fleire meiner kommunane må ta eit større ansvar, motargumentet er at det er kostbart og vanskeleg å finne rimelege bustader.

Bør kommunen gi unge moglegheita til å leige leilegheiter som dei kan kjøpe på sikt?

Dette vil kunne hjelpe dei unge inn på bustadmarknaden, men det vil også bli ei ekstra utgift for kommunen.

Bør det opnast for meir industriell aktivitet i Yrkefjorden?

I dag driv AF Decom opphogging av gamle oljeplattformer på land, men ønsker å utvide til også å hogge opp ute i fjorden. Dei som vi seie ja, meiner det er viktig å støtte opp om ein stor arbeidsplass. Motstandarane fryktar forureining av fjorden.

Bør alle butikker i Tysvær kunne halde opent på sundagar, dersom Stortinget tillèt det?