Hopp til innhold

Det starta på Kvitsøy

Kampen for Aung San Suu Kyi i Norge byrja i Stavanger og på Kvitsøy i 1993/94.

Kvitsøy, radiomaster
Foto: Gunnar Morsund / NRK

Det var i 1993/94 at radiosendingane frå Democratic Voice of Burma første gong blei sendt over kortbølgesendaren på Kvitsøy i Rogaland. Radiokanalen starta opp i Stavanger, men blei deretter etablert i Oslo, som sidan har vore hovedkontoret.

Rune Hersvik var den gongen leiar for organisasjonen Worldview Rights i Stavanger. Han har ennå ein finger med i arbeidet med å støtte Aung San Suu Kyi, sjølv om det nå er som aktivist på frivillig basis.

 Rune Hersvik

Rune Hersvik er i dag leiar for eit vindmølleselskap

Foto: NRK

- Eg er jo stolt for at det viktige arbeidet som radiostasjonen gjer for å støtta Suu Kyi, og at det starta opp i Stavanger, seier Hersvik.

I dag blir radiostasjonen sine sendingar sendt frå forskjellege sendarar over heile verda. Det er omlag 100 personar som er engasjerte og som jobbar med sendingane, fortel Hersvik.

Ut for å møte folk

Hersvik reknar med at Aung San Suu Kyi, som blei sleppt fri frå husarrest i dag, kjem til å reise rundt i Burma og samla støtte til sin politikk, i tida som kjem.

- Ho utgjer ei sterk moralsk kraft i forhold til regimet, sjølv om valet i landet nå er over for denne gongen, seier Hersvik.

- Men dette får me nok vite meir om når Aung San Suu Kyi held den første talen sin i morgon ettermiddag, norsk tid, seier han.