Hopp til innhold

Sjå nettsending frå den store valdagen

Blir det ja eller nei frå folket til ein storkommune på Nord-Jæren? Følg vår nettsending her frå klokka 19.55.

I dag har det vore folkerøysting i Stavanger, Sandnes og Sola, der innbyggarane skal sei kva dei meiner om kommunesamanslåing. Me sender direkte frå når dei første resultata blir presenterte,

NETT-TV: Sjå vår nettsending direkte her.

I heile dag har folk i Stavanger, Sandnes og Sola gått til valurnene og sagt sitt om dei vil at Stavanger, Sandnes og Sola skal slå seg saman til ein storkommune, som i så fall blir landets tredje største med over 230.000 innbyggarar.

Fem minutt før vallokala stenger, klokka 19.55, sender NRK Rogaland direkte i ein time, til klokka 20.55. Nett tv-sendinga følgjer du direkte her.

Rapportar frå valvaker

I sendinga får du direkterapportar frå valvaker i alle dei tre involverte kommunane; Stavanger, Sandnes og Sola.

Politisk reporter i NRK Rogaland, Ingvald Nordmark, og politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand, er kommentatorar i studio.

Klokka 20 er eit sentralt tidspunkt fordi då blir resultata frå førehandsstemmene offentleggjorde. Dei vil gi ein viktig peikepinn på valresultatet.

Det endelege resultatet er venta seinast klokka 23.

Også folkeavstemming i Lund

Kvart femte veljar i Stavanger har førehandsstemt før fristen gjekk ut fredag, og ifølge statsvitar Svein Tuastad ved Universitetet i Stavanger, tyder det meste på at det blir nei til kommunesamanslåing i Sandnes og Sola – og dermed nei til Nord-Jæren kommune.

I dag er det også folkeavstemming om kommunesamanslåing i Lund. Du vil også få oppdateringar på dette resultatet i vår nettsending.

Resultatet frå Lund er venta klokka 21.30 i kveld.

Nord-Jæren samanslåing