Hopp til innhold

Denne fuglen blir sjeldnare og sjeldnare

Vipebestanden på Jæren er nærmast halvert dei siste 18 åra, og i november blir truleg trekkfuglen oppjustert til sterkt truga i Artsdatabanken si raudliste.

Vipa

Vipa er fylkesfuglen i Rogaland, og sjølve vårteiknet på Jæren.

Foto: Jan Kåre Ness

– Dersom denne utviklinga held fram vil vipa om ikkje vera heilt borte, i alle fall vera ein svært fåtalig hekkefugl her i slutten av 2020-talet, seier Ingvar Byrkjedal, Ingvar Byrkjedal ved zoologisk avdeling på Bergen Museum. Han er ein av dei som står bak registreringa av vipebestanden på Jæren.

Han seier at tilbakegangen ikkje berre er registrert i Noreg, men i heile Vest-Europa. Det er lite kunnskap om kvifor bestanden går tilbake, men truleg er det ein sum av fleire faktorar.

Ny raudliste

– Vipene er sterkt knytt til jordbruk, og dei liker seg svært godt i våtlendt grasmark. Driftsmåtane for denne type areal vil nok spela ei stor rolle for vipene. Men det er også andre ting som kan spela inn, seier han.

At fuglen mest truleg hamnar på raudlista over sterk truga artar når lista skal oppdaterast i november i år, er noko som vil spela ei rolle for forvaltninga.

– Når vipa blir meir truga må me ta det på alvor, og det blir spesielt i arealforvaltinga dette vil spela ei rolle, seier veringeniør, Vegard Ankarstrand, ved miljøavdelinga til Fylkesmannen i Rogaland.

Jærsk identitet

Men også han seier at manglande kunnskap om kvifor bestanden går ned, gjer at vipa er ekstra vrien å handsama. Han ser likevel alvorleg på at bestanden går ned.

– Vipa er sterkt knytt opp til det ein identifiserer med Jæren, og ein art me ønsker her, derfor er utviklinga i aller høgste grad alvorleg.