Hopp til innhold

Denne brua skal byggast utan bompengar

Det skal ikkje kosta ei krone å kryssa Sandsfjord bru i Suldal når ho står klar i 2015. Dette er nett slik Framstegspartiet vil ha det, men dei vil at det er Staten og ikkje kommunen som skal bidra med pengane.

Video Denne brua skal byggast utan bompengar

Video: Når denne brua står ferdig i Suldal i 2015 vil det ikkje kosta ei krone å kryssa ho.

Stadig fleire vegprosjekt blir gjennomførte med bompengar. Men det finst og unntak, som Sandsfjord bru i Suldal i Ryfylke.

Kommunen betalar 70 millionar

– Suldal er nok i ein ganske unik posisjon som har moglegheit til å vera med på finansieringa av eit slikt prosjekt, seier fylkesvaraordførar i Rogaland, Terje Halleland, frå Frp.

Saman med fylkeskommunen tar den pengesterke kraftkommunen Suldal heile rekninga på 616 millionar kroner. Suldal betalar 70 og fylket resten.

Brua skal erstatta ferjesambandet Ropeid-Sand. Og byggearbeidet tar til våren 2013.

Frp er glade for at det ikkje skal bli betalt bompengar når brua er klar i 2015, men dei meiner at det er Staten som i større grad må bidra til dette.

– Urealistisk

– Det som er skremmande er at det kanskje ikkje ville blitt ei bru her dersom ikkje Suldal hadde hatt moglegheit til å bli med på fullfinansieringa. Skal me ha moglegheit til å bygga prosjekt og få til gode løysingar i infrastrukturen trengst det større bidrag frå Staten, seier Halleland.

Klara Tveit er fylkespolitikar for Sosialistisk Venstreparti, motstandar av brua og ikkje samd i vurderinga til Halleland.

SV stemde imot då brua blei vedteken bygd.

– Eg trur det er urealistisk med fleire prosjekt finansiert utan bompengar. For slik eg ser det er verken kommune eller fylke i stand til å fullfinansiera større prosjekt, seier Tveit til NRK.