Hopp til innhold

Den sakna kvinna truleg funnen

Det er funne ei død kvinne i Sandeidfjorden. Ifølge politiet er det truleg den sakna kvinna på 62 år frå Sandeid som er funnen.

Sivilforsvaret settes inn i leting i Sandeid

Mannskap frå Sivilforsvaret er blant dei som har leita etter ei sakna kvinne i Sandeid. Onsdag blei det funne ei død kvinne i Sandeidfjorden, som truleg er den sakna kvinna.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Klokka 11.54 onsdag blei det funne ei død kvinne i sjøen, om lag to kilometer ut i Sandeidfjorden.

– Det var mannskap frå HV-08 som fann kvinna. Ut frå funn på staden er det grunn til å tru at det er den sakna kvinna på 62 år frå Sandeid som er funnen, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Trond Friberg, til NRK.

– Andre synlege teikn som klede gjer oss så sikre me kan bli på at dette er den sakna kvinna, held Friberg fram.

Politiet veit lite om bakgrunnen for dødsfallet.

– Me veit ikkje kva som har skjedd, men er glade for å ha gjort funnet, seier Friberg.

Den 62 år gamle kvinna blei meldt sakna av familien i halv nitida måndag kveld etter at ho ikkje kom heim frå ein tur, og store leitemannskap har deltatt i søket.

Dei pårørande til den sakna 62 år gamle kvinna er varsla om funnet.