Hopp til innhold

Den nye turist-pakken tek ikkje av

Dei er super-populære kvar for seg, men så langt har ikkje den nye bussturen mellom Preikestolen og Trolltunga blitt ein hit.

Trolltunga og Preikestolen

TO I EIN: På to dagar kan du oppleva verdsattraksjonane Trolltunga i Hordaland og Preikestolen i Rogaland med ein og same billett.

Foto: asse Thorkildsen / Erik Waage / NRK

– Veit du kor ferja til Preikestolen går? spør argentinske Frederico Moreno.

Frederico Moreno er turist frå Argentina

Frederico Moreno er turist frå Argentina. Han og kjærasten valde Preikestolen framfor Trolltunga og ana lite om pakkebilletten mellom dei to attraksjonane.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Saman med kjærasten er han på eit tredagars opphald i Norge. Først ein dag i Bergen by, deretter Stavanger og rosina i pølsa: Preikestolen.

Dei trudde ikkje tida dei hadde i Norge ville vera nok til å nå over meir enn ein fjelltur. Derfor valde dei Preikestolen i Rogaland framfor Trolltunga i Hordaland.

At det frå første juli har gått ein ekspressbuss mellom dei to verdsattraksjonane ana dei lite om.

– Nei, det har eg ikkje høyrt om, seier Moreno.

Tapsprosjekt

Hege Kristine Sandtorv

Hege Kristine Sandtorv i Tide Reiser.

Foto: Kjetil Kjær Andersland

Og det argentinske paret er langt frå dei einaste som ikkje har høyrt om busstilbodet mellom dei to vestlandske verdsattraksjonane, Preikestolen og Trolltunga, som opna 1. juli.

Ei oppteljing etter dei første fjorten dagane med drift syner nemleg at ruta så langt er eit tapsprosjekt.

– Me tenar ikkje pengar på denne ruta per i dag, men det håpar eg me gjer i framtida, seier kommersiell direktør i busselskapet Tide Reiser, Hege Sandtorv.

Ho er ikkje uroleg for den trege starten. Ho ser allereie at tilbodet bør endrast til neste år for å få fleire turistar med.

– Det er eigentleg eit komplisert produkt med ferjer og forskjellige ting undervegs. Det er heilt tydeleg at me må gå gjennom både system og måten me får dette fram på etter sesongen.

Ikkje skikkeleg i gang

Elisabeth Saupstad

Reiselivsdirektør i Region Stavanger, Elisabeth Saupstad

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Også reiselivet skal gjera sitt for at bussturen mellom Preikestolen og Trolltunga skal bli meir nytta. Det lovar reiselivsdirektør i Region Stavanger, Elisabeth Saupstad.

Heller ikkje ho er i tvil om at bussturen vil ta seg opp.

– Me ser på pakkereiser for grupper som me vil marknadsføra for store internasjonale turoperatørar på dei messene me skal på alt i haust, så frå og med neste år er me heilt sikre på at fleire vil ta bussen.

I tillegg til draghjelp frå reiselivet, har allereie Sandtorv i Tide Reiser eit par tankar om kva som må endrast til neste år.

– Me har laga ein film som nok kan gjerast litt betre. I tillegg må me gjera det enklare for kunden å booka turen.

Etter å ha vore med på opningsturen kjenner ho seg trygg på at produktet, bussturen mellom Forsand og Odda, i seg sjølv er godt nok.

– Dette må vera verdas vakraste busstur. Det var som å køyra gjennom eit postkort.