Hopp til innhold

Fleire av regjeringspartia sine eigne reagerer i Neda-saka

– Dette er ikkje regjeringa sin politikk, seier Inga Marte Torkildsen (SV). – Besynderleg å senda dei heim på dette tidspunktet, seier Magnhild Meltveit Kleppa (Sp). – Dette er brot på FN sin barnekonvensjon, seier Hilde-Gunn Bjelde (Ap).

Magnhild Meltveit Kleppa

Magnhild Meltveit Kleppa er ei av fleire politikarar i regjeringspartia, som ope går ut med kritikk av sine eigne i Neda-saka.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold, Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX

Pål K. Lønseth, statssekretær i Justisdepartementet.

Statssekretær Pål Lønseth (Ap) i Justis- og beredskapsdepartementet, har full tillit til UNE.

Foto: Justisdepartementet

At ein familie med fire barn, som har budd ulovleg i Norge i ti år, i natt blei tvangsreturnert frå Sandnes til Jordan har fått fleire politikarar til å rasa.

Mange av desse politikarane representerer regjeringspartia, som har ansvar for utlendingspolitikken her i landet.

– Først og fremst er det som skjedde trist, seier Magnhild Meltveit Kleppa frå Senterpartiet. Ho var statsråd fram til nyleg, og sit i dag i finanskomiteen på Stortinget, men lar ikkje dette stoppa henne i å kritisera regjeringa.

– Besynderleg tidspunkt

– Grete Faremo tok sjølv initiativ for ein gjennomgang av Utlendingsnemnda (UNE) sin praksis, for å sikra at barna sitt beste skulle vega tyngst. Då verkar det besynderleg at dei sender heim ein av familiane som har budd lengst i Norge, før denne gjennomgangen blir lagt fram nå i juni, seier ho.

Eg trudde eg budde i eit anna demokratisk land, enn eit som med makt hentar med seg ein familie med fire barn midt på natta.

Klara Gauthun Tveit, SV

Også barne-, likestillings- og inkluderingsminister, Inga Marte Thorkildsen (SV), reagerer på dette. Ho meiner også at aksjonen strir mot politikken regjerninga er samde om.

– Me skal ha ein meir barnevenleg praksis når det kjem til asylbarn, det var noko me hadde me oppe i stortinsmeldinga «Barn på flukt», og eg kan ikkje sjå at dette er meir baernevenleg, seier ho. Ho vil nå diskutera dette med kollegaene sine i regjeringa.

  • Sjå videointervju med Inga Marte Thorkildsen lenger nede i saka.

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Pål Lønseth (Ap), stiller seg bak avgjersla til UNE. Han meiner ikkje at tidspunktet er problematisk i forhold til gjennomgangen som Kleppa viser til.

– Dette er ein rapport som skal sjå på effekten stortingsmeldinga har hatt, etter den kom for eitt år sidan. Me kan ikkje stansa alle saker som UNE jobbar med fram til denne er klar, seier Lønseth.

Han legg til at UNE i si siste omgjeringsoppmoding i Neda-saka konkret viser til den nye stortingsmeldinga i punktet om at identitetsjuks er eit tungtvegande argument for å ikkje gi opphald.

Sjå video:

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister, Inga Marte Thorkildsen (SV), reagerer på heimsendinga av fire barn i den såkalla Neda-saka. Ho meiner også at aksjonen strir mot politikken regjerninga er samde om.

Statsråd Inga Marte Thorkildsen om Neda-saka.

Vil ha ny debatt

For å ta seg inn til familien på asylmottaket på Dale i Sandnes i natt knuste politiet ei rute. Ei framferd Kleppa har lite til overs for.

– Dette handlar om ungar, og ungar treng tryggleik og føreseielegheit. Eg stussar på metodane politiet her har brukt, og eg meiner ikkje at dette er til det beste for ungane, seier ho.

Ho etterlyser nå ein debatt om forskriftene er tydelege nok når kvar enkelt sak blir vurdert, i tillegg til ein debatt om metodane som blir brukt.

– Eg har allereie snakka med Sp sitt medlem i kommunalkomiteen (Heidi Greni), som har denne type saker, og eg reknar med at me for alvor tar tak i dette når gjennomgangen av UNE sin praksis skal koma nå i mai.

Ho legg likevel ikkje skjul på at problematikken er vanskeleg.

– Det har vore debatt om dette i fleire år, både internt i regjeringa og internt mellom regjeringspartia, og det er vanskelege val. Men når ein nå veit at barn sitt beste skal bli lagt vekt på, skulle ein jo tru at utfallet her blei annleis, seier Kleppa.

Under eit møte med fylkespolitikarane i Rogaland i dag var det mange som hadde fått med seg Neda-saka, og hadde sterke reaksjonar.

– Eg meiner at det ikkje er logikk i at barn som har vokse opp i Norge skal bli sende ut på denne måten. Min påstand er at dette bryt med FN sin barnekonvensjon og våre eigne retningslinjer i saka, sa Hilde-Gunn Bjelde, som representerer Arbeiderpartiet i fylkestinget.

– Eg liker ikkje denne saka i det heile. Eg trudde eg budde i eit anna demokratisk land enn eit som med makt tar med seg fire barn, som har budd her i ti år. Dette er ein politikk eg ikkje kan stå inne for, og ei endring må skje snarast, seier Klara Tveit, som representerer Sosialistisk Venstreparti i fylkestinget.

– Kan ikkje ha eit system utan tvangsretur

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Pål Lønseth (Ap), meiner at det ikkje er problematisk at dei får kritikk frå sine eigne.

– Det er fint at det er eit engasjement rundt desse sakene, og det er noko eg trur det er i alle parti, seier Lønseth.

Han forstår at folk kan reagera på metodane som er brukt, men seier at det blei slik når faren i familien fysisk prøvde å hindra politiet i å gjera jobben sin. Han ser ingen grunn til å kritisera UNE i denne saka.

– Dette er ein familie, som fekk avslag for mange år sidan, men nekta å returnera frivillig. Dei har fortalt at dei kjem frå eit land, som dei ikkje kjem frå, juksa med identitet og aktivt motarbeida tvangsreturnering, seier han.

Identitetsjuksinga til foreldra er eit argument som veg tyngre for at dei må bli sende ut, enn omsynet.

– Når politiet etter mange år klarer å finna ein identitet på dei, og i tillegg får opphavslandet sin aksept på at dei kan returnerast, er me dessverre der at me må ty til tvangsretur. Det er ikkje kjekt for nokon, men me kan ikkje ha eit system der me ikkje gjennomførar tvangsretur, seier Lønseth.

Magnhild Meltveit Kleppa, på si side, meiner at toget for Neda og familien ikkje har gått.

– Dei ventar på å få saka si opp at, og slik eg forstår skal saka opp i oktober. Dei har advokat som jobbar for seg i Norge, så dette er ikkje over, seier ho.

Sjå video:

Politiet hentet i natt tolv år gamle Neda Ibrahim og hennes familie på asylmottaket på Dale i Sandnes. Familien sendes tilbake til hjemlandet Jordan etter nesten ti år i Norge, fordi faren oppga feil identitet.

Dette er Neda-saka.