– Det er framleis god butikk å driva med postkort, me har faktisk opplevd ei auke i salet dei siste åra, seier Snorre Aske jr. i Natur og kulturforlaget. Eitt av forlaga som sel postkort over heile landet.
Han trur likevel ikkje at alle nyttar posta på den tradisjonelle måten; å posta dei.
– Det handlar nok mest om å få eit bra bilete frå ein stad ein har vore. Reiser du til dømes til preikestolen får du ikkje bra mobilbilete dersom det er skodde eller regn, seier Aske jr.
- Les òg:
- Les òg:
Vidare forklarer han at det er kollasjar med fleire bilete som er mest populært. Dei ser også at Trolltunga er i full fart oppover på lista, men framleis ikkje på topp ti.
Her er lista over topp ti postkorta dei siste to åra: