Hopp til innhold

– Dei har trena mykje og er riktig så stolte

Då marinesoldatane var ferdige med rekruttskulen i Stavanger, feira dei det med ein flash mob. No spreier videoen seg på nettet.

Fredag var det avslutning for marinerekruttane ved Madlaleiren i Stavanger. Og det valde dei å markera på ein litt spesiell måte.

I videoen kan du sjå rekruttane som er samla på plassen ute i leiren. Over høgtalarane byrjar songen "Uptown funk" med Mark Ronson å spela.

Soldatane sett då i gong med ein eigen innøvd dans.

Ville skapa god stemning

– Dei har trena på dansen dei siste vekene, og er riktig stolte over det dei har fått til, seiar Jørn Helmich Johansen, kompanisjef og kapteinløytnant i Madlaleiren.

Det var han som gav rekruttane lov til den noko utradisjonelle avslutningsdansen.

– Målet var at dansen skulle skapa god stemning og gje eit godt samhald. Og det gjorde den, seiar han.

Madlaleiren

Soldatane har i fleire veker øvd på dansen.

Foto: Alexander/Youtube

Skapar overskrifter i utlandet

Videoen blei lagt ut for to dagar sidan, og er sett av fleire tusen. I tillegg har den også nådd England, der to av dei største avisene har omtalt flash moben.

Søndag kveld er dei dansande rekruttane sett av 40.000 sjåarar på Youtube.

– Det er overveldande og uventa. Me hadde ikkje venta ein slik respons, så det er ganske heftig, seier kompanisjefen.