Hopp til innhold

Blir bilshow - byter ut namnet

Jeremy Clarkson, James May og Richard Hammond fjernar alt som har med BBC og Top Gear å gjera når dei skal halda bilshow i Stavanger. Datoane er stadfesta til 20. og 21. juni.

Top Gear

BLIR SHOW: James May, Jeremy Clarkson og Richard Hammond tek likevel turen til Stavanger.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Det skriv BBC i ein kort artikkel på sine heimesider.

Det har lenge vore uklårt kva som kom til å skje med Top Gear Live -førestillingane, som etter planen skulle vera i Stavanger i den 27. og 28. mars. Førre veke stadfesta BBC at det vart Top Gear i Stavanger seinare i år.

No melder BBC Worldwide at det blir show, men ikkje under namnet Top Gear. Førestillingane i Sørmarka Arena blir den 20. og 21. juni, skriv programmet på bloggen sin.

– Det blir strippa for alt av BBC-materiale, og skal heita Clarkson, Hammond & May Live, står det på nettsida.

Letta utleigar

– Me har vore spente på utfallet, og det er veldig, veldig moro at det no er stadfesta at dei kjem til Stavanger. Og kjempebra at folk får oppleva dei tre programleiarane som er kjende frå Top Gear, og ikkje nokon andre, seier Christian Topstad, kommersiell sjef i Folkehallene, som Sørmarka Arena høyrer til under.

– At dei byter ut namnet, trur du det får noko å seia for førestillinga?

– Det kan eg berre spekulera i, me veit berre det som stod i pressemeldinga. Men om førestillinga har nye element, så er det berre spanande, seier han.

– Eg var skuffa då utsetjinga kom, og desto meir letta no når me har fått ei avklaring om dette. Me har fått mange spørsmål, men utan å vera i stand til å svara før beskjeden frå BBC kom no, seier Topstad.

Slo ned produsent

Jeremy Clarkson har fått sparken

I HARDT VÊR: Jeremy Clarkson.

Foto: PETER NICHOLLS / Reuters/NTB Scanpix

Jeremy Clarkson mista nyleg jobben i BBC etter at han skal ha slått til ein produsent for serien. Han har tidlegare vore blanda inn i mykje bråk, og no sette BBC ned foten for godt.

Når Clarkson ikkje lenger er programleiar i Top Gear, er også situasjonen uviss for dei to andre programleiarane, James May og Richard Hammond. TV-programmet blir vist for 350 millionar sjåarar i rundt 200 land og har gitt store inntekter til BBC.

Første førestilling er i Belfast den 20. mai.