Hopp til innhold

– Huset er ikkje til å redde

Brannvesenet driv kontrollert nedbrenning av eit bustadhus i Sandnes. Ingen vart skada i brannen.

Brannvesenet driv kontrollert nedbrenning av eit bustadhus i Sandnes. Ingen vart skada i brannen.

Klokka 09.45 fekk politiet melding om brann i eit hus i Gamleveien i Sandnes. Det rykka ut og såg at huset sto i full fyr. Det gjer det framleis, og brannvesenet jobbar no med å sløkke brannen.

– Det er eit eldre bustadhus som ligg nært på Gamlevegen. Det er full overtenning. Huset er ikkje til å redde, seier innsatsleiar Tore Bamberg.

Det budde fem voksne menn i huset. Fire av dei var ikkje heime då det begynte å brenne. Han som var heime kom seg ut sjølv.

– Ingen er skada. Ein er utsett for litt røyk og får litt oksygen no. Men utover det er det ikkje nokon personskadar, seier han.

Bustadbrann i Sandnes

Det brenn i eit hus i Gamleveien i Sandnes.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Dei har også evakuert dei næraste naboane.

– Det er ikkje noko grunn til å tru at brannen skal spreia seg, men vi har evakuert dei næraste husa for sikkerheits skyld, seier Bamberg.

– Brannårsaka er framleis uviss, men det er ikkje noko grunn til å tru at den er påsett med vilje. Det er nok uheldige omstendigheter, seier Bamberg.

No held brannvesenet på med ei kontrollert nedbrenning av huset.

Laster Twitter-innhold
Bustadbrann i Sandnes

Huset kan ikkje reddast, melder innsatsleiar.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK