Hopp til innhold

Brannvesenet: – Brannen er under kontroll

Ein person er teken med til legevakta etter ein brann i tre leilegheiter på Storhaug i Stavanger.

Det brant i tre leilegheiter på Storhaug i Stavanger onsdag kveld. Ein person vart sendt til legevakt.

Brannvesenet har no kontroll over brannen på Storhaug i Stavanger.

– Brannvesenet har no kontroll over brannen, seier Bjørn Tollefsen, vaktsjef i Rogaland brann og redning.

Dei henta inn nesten alt tilgjengeleg mannskap for å sløkke brannen i tre leilegheiter i Horjegata på Storhaug i Stavanger, no i kveld.

– Brannvesenet går no rundt med varmesøkjande kamera for å kontrollere at det ikkje blussar opp igjen, seier Tollefsen.

Dei vil gå vakt utover kvelden.

Ingen personar inne i leilegheitene

– Ein person er teken med til legevakta for sjekk, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Tor Helge Stavik.

Alle som var i leilegheitene då det byrja å brenne, er gjort greie for.

– Det har vore røykdykkarar inne i alle leilegheitene. Dei som budde der, har kome seg ut på eige hand, seier Stavik.

Artikkelen held fram under biletet

Brann på Storhaug

Nesten alt tilgjengeleg mannskap frå brannvesenet var til stades. Dei skildra sløkkingsarbeidet som vanskeleg.

Foto: Erik Waage / NRK

Blussa opp igjen

Klokka 17:09 fekk brannvesenet melding om ein brann på eit kjøkken i ein bustad. Då melde politiet at brannvesenet hadde kontroll på brannen.

Klokka 18.22 melde brannvesenet at brannen hadde teke seg opp igjen. Og brannen spreidde seg til to naboleilegheiter.

Ifølgje politiet er det store materielle skadar.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Horjegaten