Hopp til innhold

– Avhengig av oppdrett for å unngå matkrise

Sir Bob Geldof kasta glans over Aquavision-konferansen i Stavanger i dag. Oppdrettsnæringa kan redda verdas veksande befolkning, meiner poplegenden.

Bob Geldof i Stavanger

Sir Bob Geldof var i dag på plass i Stavanger for å spele på lag med oppdrettsnæringa. For skal han redde verda er han avhengig av sjømat frå oppdrett.

– Me har ikkje noko val. Det vil rett og slett ikkje vera nok ressursar i verda til å kunne mate ti milliardar menneske. Det er framleis meir jordbruksland som kan utnyttast, men etter det, kva då?, seier Geldof.

400 delegatar frå 45 land er samla på Aquavision konferansen for å vidareutvikle den blå revolusjonen. For første gong et me meir oppdrettsfisk enn villfanga sjømat.

– 2014 er eit merkeår. Det er det første året der fiskekonsumet frå oppdrett er større enn frå villfanga fisk. Faktisk for å vera heilt nøyaktig så er det 10,3 kilo per hovud på jordkloden som er frå oppdrett, og 9,7 som er frå villfanga fisk, seier Knut Nesse, konserndirektør i Nutreco.

Knut Nesse

Knut Nesse, konserndirektør i Nutreco seier industrien vil bli heldt i øyrene.

Foto: Erik Waage / NRK

Mannen som starta Band Aid og Live Aid på 80 talet er framleis engasjert i å få planeten i balanse. No støtter han ei global næring med eit heller frynsete rykte, når det gjelder miljø- og forureining.

– Sjølvsagt gjer eg det om det er reint, sunt, bra styrt, og eit godt produkt, kvifor ikkje? Så lenge me ikkje skadar planeten, artane og oss sjølve, seier Geldof.

Og industrien sjølv ynskjer innspel.

– Me ynskjer å bli heldt litt i øyra og bli utfordra som industri. Det er difor me gjer det på denne måten, seier Nesse.