Hopp til innhold

Bil hamna i vatnet – to gutar til Haukeland sjukehus

To tenåringsgutar er flogne til Haukeland sjukehus etter at ein bil hamna i vatnet ved Moi i Rogaland. Tilstanden deira er alvorleg.

Bil i vannet på Moi

To gutar vart henta opp av vatnet og flogne til Haukeland Sjukehus.

– Det var tre personar i bilen. To av dei hamna i vatnet. Den tredje kom seg ut av bilen før den trefte vatnet, seier vaktleiar i Rogaland Brann og Redning, Stein Arild Egeland, til NRK.

Det blei utført hjarte- og lungeredning på to personar som var i bilen, før dei vart flogne til Haukeland i ambulansehelikopter.

Bilen låg på fleire meters djup, men politiet kan ikkje presisere eksakt djupn.

Dei tre involverte er gutar i midten og slutten av tenåra, opplyser operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen til NRK.

To personer satt i en bil som kjørte i vannet.

Ikkje mistanke om rus

Ulykkesgruppa til Statens vegvesen, kriseteam og kriminalteknikarar er kalla ut til staden.

Overfor Stavanger Aftenblad understrekar politiet at bilføraren hadde førarkort og at det ikkje er mistanke om rus.

Litt over klokka 21 kom meldinga om at ein bil hadde køyrd av vegen på ein sideveg til E39 og hamna i vatnet ved Moi i Rogaland.

Ulykka skjedde på fylkesveg 4242 Moivegen.

Politiet i Sør-Vest skreiv rett etter ulykka på Twitter at det såg ut til å vera ei alvorleg ulykke.

Ved midnatt var situasjonen til dei to alvorleg. Tysdag morgon vil ikkje politiet gje informasjon om helsetilstanden deira.

Glatt på ulykkesstaden

Operasjonssentralen opplyser til NRK at det berre var ein bil involvert i ulykka, og at bilen har sklidd på glatt vegbane.

Brannvesenet fekk raskt dykkarar på staden, som jobba med å få tilgang til bilen.

Hovudredningssentralen sende ut eit redningshelikopter og ein luftambulanse til staden. Om bord i redningshelikopteret var det også eit dykkarlag.