Hopp til innhold

Opprykket er nesten i boks for Sola

SOLA - BÆKKELAGET 34-23: Berre syltynn teori kan hindra at Sola-damene spelar i den øvste divisjonen i norsk handball neste sesong.

Sola mot Bækkelaget

Sola slo Bækkelaget 34–23 søndag kveld.

Sola sine handballdamer gjorde jobben heime mot Bækkelaget, og vann overlegent 34–23. Dersom tredjeplassen Njård gav frå seg poeng i sin kamp borte mot andreplassen Molde, hadde Sola sikra opprykket med siger allereie i kveld.

Molde tapte 14–19 for Njård, men berre syltynn teori kan ta frå Sola plassen i Grundig-ligaen neste sesong.

Dei to øvste laga rykker direkte opp. Med fem kampar att å spela er Sola 10 poeng framfor Njård på tredjeplass. Dersom Njård vinn alle sine kampar og Sola taper alle sine, endar dei begge på 33 poeng. Då er reglane slik at innbyrdes oppgjer skal tel. Sola slo Njård 35–25 i november, og dei møtest att neste helg. Sjølv om Njård vinn den kampen, må dei vinna med meir enn 10 mål for å gå forbi Sola på tabellen. Reglane er nemleg slik at dersom begge lag har like mange sigrar i innbyrdes oppgjer, er det målforskjellen i dei innbyrdes oppgjera som er avgjerande. Og dersom alt dette slår til, og den kampen, mot alle odds, endar 35–25 til Njård, er det målforskjellen i serien som avgjer.

Les reglane her. Sjå § 19-1.6.3.

– Me får ikkje gjort så mykje med andre resultat enn vårt eige. Eg er nøgd med at me vinn i dag, og spesielt i førsteomgang er me solide. Eg er nøgd med prestasjonen og to nye poeng, seier hovudtrenar for Sola, Knut Ove Joa.

Neste kamp er om to veker, og då spelar Sola borte mot nettopp Njård.

– Neste kamp blir tøff. Me slo dei komfortabelt her heime med 10 mål, men bortebane er tøft, så me skal førebus oss godt dei neste 14 dagane