Hopp til innhold

Ber rike oljefolk om å satse på gründerar

Mediegründer og investor Chul Christian Aamodt meiner folk som har tent gode pengar i oljebransjen no må visa samfunnsansvar, og bruke pengar på å hjelpe bedrifter i oppstartsfasen.

Chul Christian Aamodt

Chul Christian Aamodt jobba fleire år i oljebransjen. No vil han bruke delar av pengane han tente der på å hjelpe bedrifter i startfasen.

Foto: EnerWE.no

– Eg oppmodar oljefolk som har pengar på bok om å ta ei vurdering på om dei har moglegheit til å bruke nokre av det pengane på å hjelpe bedrifter i startfasen. Og på den måten vera med på å bygge nye arbeidsplassar i Norge, seier Chul Christian Aamodt.

I dag er han mediegründer og investor, men han har tidlegare jobba fleire år i oljebransjen.

Delar av pengane han tente der vil han sjølv no bruka på å hjelpa bedrifter i oppstartsfasen, noko han meiner er eit viktig bidrag i ei tid der mange jobbar forsvinn.

– Eg meiner det er eit samfunnsansvar å bruka nokre av dei kronene ein har tent på å vera med på å skapa nye arbeidsplassar. Me treng ikkje å følgje den trenden med å bruka pengane berre på oss sjølve heile tida. Det kan vera at me heller skal bruke pengane på å satse på andre, seier Aamodt.

Stor interesse for forslaget

Og det er stor interesse for forslaget. Etter at han gjekk ut i Medier24.com og sa at han vil støtte nystarta bedrifter, har han blitt kontakta av om lag 60 gründerar som ynskjer støtte.

I tillegg har han også blitt kontakta av andre som er interesserte i å sjå på om dei kan bidra.

– Det er fleire som sitt på mange millionar som har kontakta meg, og som ynskjer å sjå på den lista eg har fått.

Ein flaskehals for gründerar

– Det trur eg vil vera eit velkome tiltak, seier dagleg leiar i organisasjonen Skape, Einar Talgø.

Einar Talgø, daglig leder i Skape

Einar Talgø, dagleg leiar i Skape, synst det er eit bra forslag.

Foto: Anders Fehn / NRK

Skape arrangerer fleire kurs for gründerar i Rogaland. Dei har hatt ein auka pågang det siste året, og Talgø trur det hadde blitt lettare for fleire å lukkas dersom det kom meir pengar på bordet i startfasen.

– Det er ein flaskehals for mange. For dei som har ambisjonar og trenger pengar for å koma i gang. Det er vanskeleg å få tak i pengar i den heilt tidlege fasen, seier Talgø.

Og det er ein situasjon som Chul Christian Aamodt kjenner seg igjen i.

– Eg er sjølv gründer og eg veit kor viktig det er å få tilført kapital i oppstartsfasen for å kunne vokse. Så eg gjer dette rett og slett fordi eg kjenner meg igjen i situasjon, og fordi eg no har moglegheita til å kunne investera i andre som er i den same situasjonen som meg sjølv, seier Aamodt.