Det blei køkaos på Stavanger lufthamn Sola etter bagasjebandet ved innsjekkinga stoppa i 20 minutt. Laurdag skal alt vera ved det normale.

VIDEO: Køen hopa seg raskt opp i avgangshallen på Sola ettermiddag. Det blir meldt om køar opp mot ein time.

Bagasjebandet stoppa i 20 minutt

Det blei køkaos på Stavanger lufthamn Sola etter bagasjebandet ved innsjekkinga stoppa i 20 minutt. Laurdag skal alt vera ved det normale.

Tove Sivertsen - Tove Sivertsen trur ikkje ho når flyet sitt til Oslo. - Foto: Erik Waage / NRK

Tove Sivertsen trur ikkje ho når flyet sitt til Oslo.

Foto: Erik Waage / NRK

– Nå er bagasjebandet fiksa, og me reknar med at køen skal ta seg ned utover kvelden. I laurdag vil alt vera ved det normale, seier avdelingssjef for lufthamnoperative tenester Stig Jone Nevland til NRK.no.

Ikkje like gale som under streiken

Nevland seier vidare at dette er ein av dei aller største utfartsdagane, like før fellesferien. Og at dei tekniske problema med bagasjebandet derfor har fått store konsekvensar.

– Det er ikkje like gale som under streiken, men reisande vil heilt klart merka dette. Dessverre skjer det av og til tekniske feil, og det er ikkje lett å reservera seg mot det, seier han.

NRK har vore i kontakt med reisande som har stått ein time i kø ved innsjekkinga. Nå går bagasjebandet og alle får sjekka inn, men ein må nok rekna med at det blir litt ekstra kø også i tryggingskontrollen.

Overraska reisande

Fleire reisande blei overraska over køenpå fredag, og Tove Sivertsen rekna med at ho ikkje ville nå flyet sitt til Oslo, då NRK snakka med ho.

– Eg var ikkje førebudd på dette nei, seier ho til.

– Eg har aldri sett ein så stor kø her før, seier Tore Gavlen, ein annan reisande som blei ramma av streiken.