Hopp til innhold

Dette er Stavanger-kvinner si 8. mars-gåve

På kvinnedagen kjem boybandet Backstreet Boys til Oilershallen i Stavanger. – Ei flott kvinnegåve, seier styreleiar i Oilers, Tore Christiansen til NRK.no.

Backstreet Boys anno 2013

Backstreet Boys i 2013: Frå venstre; Nick Carter, AJ McLean, Howie Dorough, Brian Littrel og Kevin Richardson.

Foto: Imeh Akpanudosen / Afp

For første gong på 10 år er alle medlemmane i Backstreet Boys samla på scena igjen. Og denne gongen skal dei til Norge, med konsert i Stavanger 8. mars. Altså kvinnedagen.

– Det passar fint med ein boyband-konsert då, seier Tore Christiansen, som leier ut Oilershallen til arrangementet.

Backstreet Boys hadde si stordomstid på slutten av 90-talet med mellom anna den store hiten «Get Down (You're the One for Me)». Dei feirar 20-års jubileum i år.

Arrangørane av konserten satsar på godt oppmøte, og minner om at boybandet er tidenes mestseljande med over 100 millionar selde album.

– Dette blir ein «Feelgood-kveld» i ein arena som verkeleg har vist seg å kunne husa store magiske augneblink, også på konsertfronten, seier Øivind Ekeland i Atomic, som er konsertarrangør.

Det blir også konsert i Trondheim Spektrum den 10. mars, i tillegg til Oslo Spektrum den 9. mars.