Hopp til innhold

Her får kvinnene ligge i fred

Sidan 90-talet har det lege eit asylmottak på Nærland i Hå. Og på stranda like ved har kvinner i bikini fått ligge i fred.

Nærland mottak

Nærland mottak ligg svært nær stranda. Det har ikkje vore eit problem, ifølgje lensmannen.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Det er lange strender rett nedanfor asylmottaket på Nærland, og me har aldri fått klager frå folk som går på stranda, om at dei har blitt sjikanerte, seier lensmann i Hå, Oddvar Tengesdal.

Asylmottaket ligg i eit område som er populært å ferdast i, både på sommar og vinterstid. Men lensmannen kan ikkje hugse at nokon har meldt om at dei har blitt plaga av bebuarane på mottaket.

Oddvar Tengesdal

Lensmann i Hå, Oddvar Tengesdal, har hatt få problem med asylmottaket på Nærland.

Foto: Jørgen Finstad / NRK

Uroa for strandlivet på Viste

Torsdag vedtok kommunestyret i Randaberg å avslå søknaden om å opne eit asylmottak ved Viste Strandhotell.

Tidlegare ordførar i Randaberg, Bjørn Kahrs, var blant dei som var uroa for kva det ville ha å seia for strandlivet i området.

– Lettkledde kvinner ligg på stranda og føler seg beklemt for at det står menn i bygningen bak og ser på. Dei seier dei kanskje ikkje vil bruke stranda så mykje som dei elles ville gjort, sa Kahrs til NRK på torsdag.

Ingen grunn til uro

Lensmannen som har erfaring med asylmottak i strandsona, trur det er liten grunn til å bekymra seg.

– Personleg så synst eg at me må tona ned den uroa ein del. Ein må ikkje ta alle problem på førehand. Eg trur at dette hadde gått bra, seier Tengesdal.

De har ikkje opplevd at det er eit problem at kvinner går i bikini?

– Overhovudet ikkje, seier Tengesdal.

Nærland

Stranda på Nærland er populær både på vinterstid og sommarstid.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Mindre episodar

Han innrømmer at dei har fått enkelte klagar frå naboar, men karakteriserar desse som bagatellmessige.

– Nokre bønder hadde kanskje problem med at nokre av kvinnene på mottaket var ute og plukka nokre grønnsaker. Det var inga stor sak, så det fekk me løyst.

I tillegg har det også vore mindre episodar inne på sjølve mottaket.

– Det er klart at i løpet av fleire år så skjer det episodar mellom bebuarane inne på mottaket. Og det er kanskje ikkje så unaturleg når folk blir buande der i fleire år, tett innpå kvarandre, seier lensmannen.