Hopp til innhold

Baker Hughes meldt til politiet etter dødsulukke

Arbeidstilsynet meiner at oljeservice-giganten Baker Hughes braut arbeidsmiljølova då den 43 år gamle lastebilsjåføren Walle Wallin frå Sverige døydde i ei arbeidsulukke inne på område til bedrifta på Tananger.

Baker Hughes

SOLA: Det var her hos Baker Hughes på Tananger i Sola 43 år gamle Walle Wallin frå Sverige mista livet under lasting av røyr. Han var sjåfør for Børstad transport på oppdrag for Bring Cargo.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me melder verksemder til politiet når me ser på lovbrota som svært alvorlege, noko me gjer i denne saka, seier tilsynsleiar i Arbeidstilsynet Guro Fykse til NRK.

– Ei omfattande sak

Det var den 7. september i fjor at lastebilsjåføren, som skulle lasta røyr på vogntoget han køyrde, døydde i ei arbeidsulukke inne på området til oljeserviceselskapet Baker Huges på Tananger i Sola kommune.

I den avslutta tilsynssaka har Arbeidstilsynet peika på kritikkverdige forhold hos bedrifta. Dette er forhold som Baker Hughes nå skal ha rydda opp i. Men nå, sju månader etter ulukka, kjem altså også ei politimelding.

– Dette er ei omfattande sak der det er viktig med grundig saksbehandling frå vår side. Me måtte gjera mykje forarbeid før meldinga var klar, og det er derfor det har teke så lang tid, seier Fykse.

Arbeidstilsynet meiner at Baker Hughes har brote arbeidsmiljølova sine forskrifter om organisering, leiing og medverknad og forskrift om systematisk HMS-arbeid i verksemder.

Ikkje kjent med meldinga

Då NRK kontakta Baker Hughes var dei ikkje kjende med meldinga til politiet.

– Eg ønsker derfor ikkje å kommentera saka på nåverande tidspunkt, seier Irene Brekne Hamre som er HMS-ansvarleg i Baker Hughes.

Politiet er ferdige med etterforskinga og har overlevert saka til Arbeidstilsynet, som skal koma med råd til den vidare gangen. Dersom påtalestyresmaktene konkluderer med at Baker Hughes har brote arbeidsmiljølova vil dei bli straffa med bot.