Hopp til innhold

Andre må svi når du snik i køen

Mange bilistar snik i køen på E39 ved Bogafjell i rushtida. Dette fører til at trafikken stoppar opp i fleire kilometer bakover og gjer at andre bilistar må sitja endå meir i kø, åtvarar Transportøkonomisk institutt.

Køsniking på Bogafjell.

VIDEO: Her snik ein av totalt 51 bilistar onsdag morgon ved å ta av ved avkøyrsla til Bogafjell, trass i at bilen eigentleg skal rett fram på E39.

Det finst mange kreative metodar for å sleppa unna litt kø og kanskje spara nokre minutt i trafikken i den verste rushtida.

Eit triks svært mange bruker er å ta av via avkøyrsler på motorvegen, når dei eigentleg skal rett fram, for så å køyra inn på vegen igjen eit par hundre meter seinare.

Ein av plassane det skjer ofte er på E39 ved Bogafjell. Bilistar som kjem sørover frå Ålgård tar av ved avkøyrsla til Bogafjell, køyrer rett fram i rundkøyringa, og kjem inn på motorvegen igjen.

I det verste morgonrushet onsdag, mellom klokka 07.15 og 07.45, talte NRK kor mange bilistar som køyrde rett fram i rundkøyringa. Resultatet blei 51 bilistar på ein halvtime.

Desse bilistane sparer mellom 500–600 meter i kø på å ta denne snarvegen.

Bremsebølger stoppar trafikken bakover

Kjell Werner Johansen

Kjell Werner Johansen, avdelingsleiar i Transportøkonomisk institutt.

Foto: Svein Erik Dahl/Samfoto

Kjell Werner Johansen er avdelingsleiar i Transportøkonomisk institutt. Han seier denne praksisen skaper meir kø for andre bilistar.

– Trafikken på hovudvegen blir forseinka dersom det er tett trafikk. Dess tettare trafikk der er, dess større forseinkingar blir det for andre. Dette kan bygga seg opp til ganske solide køar bakover, seier Johansen.

Han påpeikar at dersom det er tett trafikk, og folk køyrer inn og ut av motorvegen, skal det nesten ingenting til før ein får oppbremsingar. Dette fører igjen til såkalla bremsebølger som kan føra til at trafikken bakover stoppar opp i lange strekningar.

– Det kan fort bli strekk på nokre kilometer. Det bilistane som tar snarvegar sparer, taper dei andre bilistane på hovudvegen fleire gonger.

– Egoistiske aleine i bilen

Avdelingsleiaren i Transportøkonomisk institutt seier snikkøyringa gjer at folk påfører andre ekstra tidsbruk, noko folk ikkje ville gjort i andre samanhengar.

– Mange har lett for å bli veldig egoistiske aleine i bilen. Alle får det betre dersom me er meir omsynsfulle i trafikken.

Han kjem med desse tipsa til korleis bilistar kan få trafikken til å flyta best mogleg.

– Du skal tetta lukene. Når det er saktegåande kø er det nokre som lagar veldig lange luker til bilen framfor. Følg på og slepp inn frekkasen som blinkar inn framfor deg med eit smil.

Snikkøyring Bogafjell