Hopp til innhold

Vil stoppa nedbemanning av AMK-sentralar

Meiner reduksjon av bemanninga ved AMK sentralane til Helse Fonna og Helse Vest vil råka akuttilbodet i distriktet.

Jarle Nilsen

Fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet på Karmøy, Jarle Nilsen, fryktar for akuttilbodet i distriktet dersom AMK-bemanninga blir redusert.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Me har fått signal om at styret ønsker å redusera bemanninga frå tre til to. Me er redde for sikkerheita til befolkninga dersom dette skjer, seier Fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet på Karmøy, Jarle Nilsen.

Håper på positivt svar frå fylkesordførar

Nilsen har sendt inn følgjande spørsmål til fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal:

Vil fylkesordføraren ta eit initiativ overfor Helse Vest og Helse Fonna sine styre, og be om at ein held oppe bemanninga ved AMK-sentralane, for å sikra best mogleg beredskap i Helse Fonna området?

Spørsmålet vil bli retta og svara på på Fylkesutvalets møte 24. november.

Kan ta lenger tid å få hjelp

– Dersom ein har lokal bemanning så har ein også god kjennskap til distrikta rundt, til korleis kollektivtrafikken fungerer, og ein del andre ting som er viktige for ein AMK sentral, seier Nilsen.

– Kva vil konsekvensane vera om ein redusere bemanninga?

– Me er redd for at det vil ta lenger tid før hjelpa kjem, og dersom det berre er to på vakt og desse er opptekne, så vil telefonane i større grad blir sett vidare til andre distrikt. Dette vil gå ut over kvaliteten på tilbodet, derfor ønsker me å behalda den bemanninga me har i dag om det er mogleg.

Helse Fonna HF gir spesialisthelsetenester til ei befolkning på over 170 000 menneske fordelt på 18 kommunar på Haugalandet, Sunnhordaland og deler av Hardanger.