Hopp til innhold

Alt ligg til rette for draumepåske i fjellet

For første gong har Turistforeininga brukt snøfresar for å grava fram ei av hyttene sine. Dei meiner draumepåska står for tur.

Rekordstore snømengder i fjellet er godt nytt for skiglade påsketurister. På Stavtjørn i Bjerkreim er det MANGE år siden det har vært så mye snø i påskeferien.

SJÅ REPORTASJEN: Rekordstore snømengder i fjellet er godt nytt for skiglade påsketuristar. På Stavtjørn i Bjerkreim er det mange år sidan det har vore så mykje snø i påskeferien.

– Kanseller sydenturen og cruiseferien, fordi draumepåska er her i Rogaland, seier Sigurd Rønningen, informasjonssjef i Stavanger turistforeining.

  • Lurer du på korleis påskevêret blir? Finn det ut på yr.no
Sigurd Rønningen

– KOM DYKK UT: Det seier Sigurd Rønningen, informasjonssjef i Stavanger Turistforeining.

Foto: NRK

I vinter har snøen lava ned, og fleire turisthytter har vore heilt nedsnødde i løpet av årets vintermånader. Men hyttene har tolt det, og er i god stand.

– For oss betyr det at det er no moroa startar. På Austlandet går dei på ski til ut i juni, og det er no høgsesongen startar. Her er forholda endå betre, så det er berre å koma seg til fjells!

Turistforeininga håpar på rekordbesøk denne påska.

– Det har vore veldig godt besøk dei siste to åra, så det lovar bra for i år, seier Rønningen.